Bustadsal

Stadig færre bustadar omsett i fylket    

Omsetning av bustadar (omsetning av ein bustadeigedom med heimelsoverføring) i fritt sal sokk også frå 2016 til 2017. Det var det andre året på rad at talet på omsetnadar av bustadar i fylket sokk. Frå 2015 til 2016 gikk talet på omsetnadar ned både i fylket og på landsbasis, mens frå 2016 til 2017 opplevde ein på landsbasis ein auke i talet på omsetnadar på 1 101 omsetnadar eller 1,3 prosent. I Møre og Romsdal var nedgangen på 134 omsetnadar eller 3,2 prosent. I alt var det 4 079 omsetnadar av bustadeigedommar i Møre og Romsdal og 85 172 på landsbasis.

Nedgangen i talet på omsetnadar og generell lågare prisvekst i bustadmarknaden gjorde at samla kjøpesum for alle omsetnadane i Møre og Romsdal berre auka med 0,6 prosent, til om lag 10,6 milliardar kroner. På landsbasis utgjorde omsetnaden i bustadmarknaden 315,6 milliardar kroner, opp med heile 9,9 prosent frå 2016 til 2017. 

Gjennomsnittleg kjøpesum per omsetnad var på om lag 2,6 millionar kroner i Møre og Romsdal og 3,7 millionar kroner på landsbasis. Det er ein auke på 3,0 prosent i fylket og 7,8 prosent på landsbasis. Ingen kommunar i fylket hadde ein gjennomsnittleg kjøpesum over nivået for landet sett under eitt. Høgast gjennomsnittleg kjøpesum var det i Molde med om lag 3,4 millionar kroner, med Ålesund og Ulstein på plassane bak. I tillegg til dei tre kommunane låg Sula, Giske og Fræna også over gjennomsnittleg kjøpesum i fylket. Dei resterande 30 kommunane låg under fylkesgjennomsnittet. 

Av kommunane med over 50 bustadomsetnadar i 2017 var Sunndal den kommunen med lågast gjennomsnittleg kjøpesum, med 1,75 millionar kroner per omsetnad. Prisutviklinga frå 2016 til 2017 i gjennomsnittleg kjøpesum per omsetnad i kommunar med over 50 omsetnadar var best i Sykkylven, med ein vekst på 32,3 prosent, mens han var svakast i Vestnes, med ein nedgang på 16,5 prosent.