Søkarar og elevar i videregåande opplæring

Stor søking til dei vidaregåande skolane i byane   

Det er 23 fylkeskommunale vidaregåande skolar (vgs) i Møre og Romsdal og tre private (Akademiet vgs i Molde og Ålesund, samt Vestborg vgs i Stranda). 

Dei vidaregåande skolane skal gi utdanningstilbod til innbyggarar i eigen kommune og region, og også i landsdelen gjennom såkalla landslinjer. Eksempel på det er yrkessjåføropplæringa ved Kristiansund vgs og jazzlinja ved Molde vgs. Førre skoleår var det 9 223 elevar med ungdomsrett i vidaregåande opplæring i Møre og Romsdal. Av desse gjekk 9 059 på vidaregåande skole i eige fylke.

Skolane i byane dreg til seg langt fleire ungdommar enn dei som bur i bykommunane. Dei sju fylkeskommunale skolane og dei tre private i Kristiansund, Molde og Ålesund har til saman 57 prosent av alle elevane og 58 prosent av søkarane i Møre og Romsdal. Til samanlikning bur 36 prosent av 16–19 åringane i fylket i ein av desse tre kommunane.

Borgund vgs er den skolen som hadde flest søkarar med ungdomsrett etter førsteønsket deira (949). Når det kjem til tal elevar med ungdomsrett, var Fagerlia vgs størst (775 i oktober 2017). Borgund vgs hadde våren 2018 søkarar frå heile 34 av dei 36 kommunane i fylket og Fagerlia frå 33. Borgund vgs hadde elevar frå flest kommunar (30), mens Fagerlia vgs var nummer to med elevar frå 25 av kommunane i fylket. Landbruksskolen Gjermundnes vgs hadde søkarar frå 30 kommunar og elevar frå 24 av kommunane i fylket. 

91 prosent av søkarane til Rauma vgs var frå eigen kommune, noko som var høgast i fylket. Herøy vgs, avdeling Vanylven, hadde flest elevar frå eigen kommune (94 prosent). 

Det mest slåande er likevel breidda i val av vidaregåande skole blant ungdom i kvar kommune. Førre skoleår var det til dømes ungdom frå Ålesund på 15 ulike vidaregåande skolar i fylket. 25 av kommunane hadde sine ungdommar spreidd på 10 skolar eller meir.