Rutebil

Klar auke i totale passasjertal på buss 

Talet på kollektivreiser med rutebil i Møre og Romsdal viser ein klar auke frå 2013 til 2017. Det totale talet passasjerar var i 2013 i overkant av 7,7 mill. I 2017 var talet i underkant av 8,5 mill., ein auke på 9,4 prosent på fem år. I desse tala ligg skoleskyss, som blir registrert med manuell teljeknapp. Desse tala er noko usikre. Reisande med billett kjøpt med den nye mobilappen, som vart innført i juni 2017, blir også registrert med teljeknapp. Desse tala er truleg for låge og er altså ei anna kjelde til usikkerheit.

Fylkeskryssande reiser nordover der billetten er kjøpt via FRAM sine billettsystem, er også registrert. Talet på reisande gjekk noko ned frå 2013 til 2014, men har etter det auka, og auken har skote fart frå 2016 til 2017. Det er svært store forskjellar på ulike ruter i fylket. Ruta frå Hessa via Ålesund sentrum, Åse sjukehus, Campus og Moa til Magerholm fraktar flest passasjerar. I 2013 var passasjertalet i underkant av 1,3 mill. og det auka til 1,4 mill. i 2017. Denne ruta auka nær 11 prosent i perioden.

Rundt om i heile fylket er det likevel mange døme på ruter med svært låge passasjertal. Ruta Åmelfot–Dalsbygda–Folkestad i Volda kommune hadde eit passasjertal på 50 i 2013 og 70 i 2017.