Fritidsbygg

Hyttefylket Møre og Romsdal    

Møre og Romsdal har eit betydeleg tal fritidsbustadar. Både i 2008 og 2018 hadde fylket om lag 4,3 prosent av alle fritidsbustadar i landet. Ut frå samla areal ligg fritidsbustadane i Møre og Romsdal noko mindre tett enn gjennomsnittet for landet, og dette bildet har ikkje endra seg vesentleg i tiårsperioden. Auken i tiårsperioden har med andre ord vore omtrent som på landsgjennomsnittet.

Bruksendringar frå bustad til fritidsbustad medverkar til nye fritidsbustadar, men det meste av auken skuldast nybygging. Samla sett veit vi at om lag 15 prosent av fritidsbustadane i Møre og Romsdal er bruksendra bustadhus eller våningshus på gardsbruk som ikkje er i drift. Dette er dobbelt så stor del som for landet samla. 

Det er stor forskjell mellom kommunane. Det er ingen tydeleg samanheng mellom størrelsen på kommunane og utviklinga over tiårsperioden, og det er heller ikkje grunnlag for å konkludere om sjø eller fjell har vore mest attraktivt. Dei store utmarkskommunane i indre del av fylket har alle eit betydeleg tal hytter, men ikkje alle kommunane har hatt same utvikling. Det kan vere mange årsaker til dette.

To kommunar har færre hytter no enn i 2008, noko som kan skuldast både riving og bruksendring. Dette er ikkje overraskande for Ålesund sin del, der det trass i bypreget har vore eit relativt stort tal fritidsbustadar. At Halsa også har hatt nedgang, er meir overraskande og vanskeleg å forklare. Her er det opna for eit betydeleg tal tomter i overordna planverk, men potensialet ser ikkje ut til å vere henta inn.

Sandøy kommune har hatt den relativt største auken. Her er likevel tala små, og auken kan dels forklarast med at privat initierte reguleringsplanar har opna for stor byggeaktivitet nettopp dei siste ti åra. Sandøy vedtok ikkje overordna arealplan før i 2015.