Utdanningsnivå

Sterk vekst i del med lang høgare utdanning  

I 2017 hadde 27,8 prosent av befolkninga i Møre og Romsdal på 16 år og over høgskole- eller universitetsutdanning. Delen med høgare utdanning har auka sterkt dei seinare åra. For ti år sidan hadde berre 21,1 prosent av befolkninga i fylket høgare utdanning. Delen som har ei kort, ofte profesjonsretta høgskoleutdanning (inntil fire år) har auka frå 17,9 prosent i 2007 til 22,1 prosent i 2017. Delen med lang høgare utdanning (meir enn fire år) har i same tidsrom auka frå 3,2 prosent til 5,7 prosent.

Auken i delen som har høgare utdanning (både kort og lang) har vore nesten like sterk i Møre og Romsdal som i landet totalt. I fylket har auken dei siste ti åra vore 6,7 prosentpoeng, mens for landet samla har tilsvarande auke vore 7,0 prosentpoeng. I 2017 hadde 33,4 prosent av innbyggarane i Noreg over 16 år høgare utdanning.

I perioden 2007–2017 vaks delen med lang høgare utdanning i Oslo frå 14,0 til 20,4 prosent, og Oslo skil seg med det klart frå resten av fylka. I Akershus, Sør-Trøndelag og Hordaland er andelen av befolkninga med lang høgare utdanning10 prosent eller meir. Møre og Romsdal var i 2017 på 14. plass av fylka, som var fem plassar opp frå 2007, då fylket delte sisteplassen med Nordland. 

Kommunane med høgskole-/universitetstilbod har størst del innbyggarar med høgare utdanning. Aller høgast utdanningsnivå har Volda. Her har 38,6 prosent av befolkninga universitet- og høgskoleutdanning. Delen med lang høgare utdanning er størst i Molde med 9,7 prosent, på nivå med landsgjennomsnittet.

Frå 2017 har SSB tatt inn oversikt over tal personar med fagskoleutdanning. Denne utdanninga er meir vanleg i Møre og Romsdal enn i resten av landet, for 3,8 prosent her i fylket har slik utdanning mot 2,9 prosent i landet.