Kollektivtrafikk - reiseinformasjon

Mindre kundekontakt på telefon, meir bruk av digitale plattformer    

Totalt 70 647 kundar vende seg til FRAM kundesenter i 2017. Av desse vart 62 262 samtaler handsama. Det var vel 13 prosent færre som kontakta kundesenteret i 2017 enn året før. Talet på kontaktar er halvert frå 2012.

Årsakene er mest truleg digitaliseringa som skjer i samfunnet og den satsinga FRAM har hatt på elektroniske kanalar som reiseplanleggar på internett, mobilapp og skjermar rundt om i fylket. Kundane kan søke i reiseplanleggaren, finne rutetider, fylle på reisekort, sjekke trafikkmeldingar osv. på frammr.no. Bruken av nettsida har auka kraftig etter at FRAM-merkevara vart lansert. Det er venta at kundane sin bruk av elektroniske kanalar vil fortsette å auke. 

Mobilappen FRAM vart lansert i juli 2017. Dette er den første kollektivappen der kundane kan søke i reiseplanleggar, kjøpe billett og sjekke sanntidsinformasjon for buss, hurtigbåt og ferje i ein og same mobilapp for heile fylket. Appen vart godt tatt imot av marknaden etter lanseringa i 2017. Mange bruker appen til reisesøk, og 421 612 søk vart registrert frå oppstart i juli til desember i 2017.