Folketalsutvikling

Svakaste folketalsvekst på over ti år

I 2017 auka folketalet i Møre og Romsdal med 582 personar,ein vekst på 0,2 prosent. Tilsvarande auka folketalet i Noreg med 0,7 prosent. Både for Møre og Romsdal og landet var dette ein nedgang i veksten på 0,2 prosentpoeng samanlikna med 2016. Folketalsutviklinga i Møre og Romsdal var den lågaste sidan arbeidsinnvandringa starta for fullt i 2007. 

Sogn og Fjordane, Telemark og Finnmark hadde lågare vekst enn Møre og Romsdal. I desse fylka var folketalet nesten uendra det siste året. Nordland og Oppland hadde same vekst som oss. Akershus med 1,6 prosent og Aust-Agder med 1,3 prosent hadde høgast folketalsvekst av fylka i 2017. «Petroleumsfylka» med storbyar, Rogaland med 0,3 prosent og Hordaland med 0,5 prosent, hadde og svakare vekst enn på mange år.

20 av kommunane i fylket hadde folketalsauke i 2017. Størst auke i talet på innbyggarar hadde Ålesund med 311 personar. På dei neste plassane følgde Sula med 124 og Giske med 116 fleire innbyggarar i 2017. Samla hadde desse tre kommunane ein vekst som er om lag like høg som i heile fylket samla.

Størst relativ vekst hadde Giske, Sula og Sandøy med 1,4 prosent. I tillegg til desse kommunane hadde også Ulstein ein vekst lik eller større enn landsgjennomsnittet. 

For Sykkylven var folketalet 31.12.2017 nøyaktig det same som eitt år tidlegare. Dei resterande 15 kommunane i fylket kunne registrere nedgang i folketalet i 2017. Størst relativ nedgang var det i Stordal med 3,3 prosent, Halsa med 1,8 prosent og Midsund med 1,7 prosent. Berre seks kommunar i landet hadde større relativ nedgang i folketalet enn Stordal i 2017.

Som i 2016 var nedgangen målt i personar størst i Kristiansund. Her fall folketalet med 142 personar i 2017. Deretter kom Stranda og Midsund, begge med 36 færre innbyggarar i 2017.

Nettoinnvandringa fell kraftig – men vekst i småkommunar

Dei seinare åra har innvandringa til fylket stagnert, og i 2015 sokk den for første gong sidan 2003. Denne trenden vedvarar og i 2017 var innvandringa den lågaste vi har registrert sidan 2006. Nettoinnvandringa i 2017 var 29 prosent lågare enn i 2016. For første gong på over ti år var det fleire flyktningar blant innvandrarane enn arbeidsinnvandrarar.

Fødselsoverskotet gjekk ned med 15 personar frå året før og enda på 457. Dette er lågare enn gjennomsnittet på 539 dei siste ti åra for fylket.

Det innanlandske flyttetapet var i 2017 på -1 079 personar, ei betring på 78 frå året før. Dette er likevel markant høgare enn gjennomsnittet på -858 for dei siste ti åra. 

Dei store endringane i folketalsutviklinga dei siste par åra er mindre synlege om vi ser utviklinga over ein tiårsperiode.

For nokre kommunar har likevel skiftet vore så kraftig dei siste åra at sjølv med eit slikt tidsperspektiv ser vi endringar. Til dømes har Smøla snudd tiårstrenden frå nedgang til auke i folketalet. Sjølv om folketalsveksten er sterkt svekka i byane og dei bynære område dei siste åra, er dei underliggande trendane likevel klare. Veksten er, i eit noko lengre perspektiv, framleis sterkast i dei mest folkerike og sentrale kommunane, og Ålesund-regionen har styrka stillinga si som vekstsenter i fylket. 

Studerer vi alderssamansettinga i befolkninga, ser vi eit klart trekk: Dei minste kommunane har den høgaste delen eldre. Med nokre få unntak er det slik at dess meir folkerik ein kommune er, dess lågare del eldre er det i befolkninga. Dette er ein trend som vil bli forsterka i åra framover om Statistisk sentralbyrå sine framskrivingar slår til.