Ungdoms bruk av hasj og marihuana

Auke i bruk av hasj og marihuana blant ungdomsskoleelevar 

Ifølge Folkehelseinstituttet er alkohol- og narkotikabruk mellom dei vanlegaste risikofaktorane for helsetap og tidleg død. Helseskader som er relatert til rus, er sosialt skeivfordelt, og tiltak som reduserer rusmiddelbruk, vil vere bra for folkehelsa og bidra til å redusere sosiale forskjellar i helse. 

Analysar av nasjonale tal frå ungdataundersøkingane (Anders Bakken: Ungdata 2018. Nasjonale resultater) syner at ungdommar som har brukt hasj eller marihuana, er mindre nøgde med foreldra sine, trivst dårlegare på skolen og er mindre nøgde med lokalmiljøet sitt enn andre ungdommar. Fleire av dei røyker, og fleire rusar seg på alkohol.

Frå ungdataundersøkingar i ungdomsskolane og vidaregåande skolar i Møre og Romsdal får vi oversikt over kor stor del ungdommar som har brukt hasj eller marihuana minst ein gong eller meir i løpet av dei siste 12 månadane. Undersøkingane er gjennomført i åra 2013 til 2018, og nokre kommunar har gjennomført ungdataundersøkinga fleire gonger.

Prosenttala for bruk av hasj eller marihuana må tolkast med varsemd, og spesielt gjeld dette tala for små kommunar som syner auke eller nedgang frå førre til siste undersøking. Desse endringane kan i stor grad skuldast tilfeldige forhold og treng ikkje innebere nokon reell tidstrend. Tal for hasj- eller marihuanabruk blant elevar i vg1 i fylket viser regionale forskjellar, der Søre Sunnmøre ligg lågast og Nordmøre høgast. Berre tal frå vg1 er med her, fordi nokre kommunar med vidaregåande skolar ikkje har gjennomført undersøkinga på alle tre årstrinna. I gjennomsnitt 92,9 prosent av elevane i vg1 i fylket svarer at dei ikkje har brukt hasj eller marihuana i løpet av det siste året.

Om det å prøve hasj eller marihuana, isolert sett, er farlegare enn å debutere tidleg med alkohol, er ifølge Folkehelseinstituttet omdiskutert.