Fødslar og fruktbarheit

Lågaste fødselstal sidan 2006

Talet på fødde i Møre og Romsdal i 2017 var 2 705, det nest lågaste vi har registrert i fylket. På ein generasjon (1987–2017) har fødselstala falle med 10,6 prosent. Frå 2016 til 2017 fall talet på fødde i Møre og Romsdal med 32 eller 1,2 prosent. Reduksjonen på landsbasis var på heile 3,8 prosent.

Byane i fylket har naturleg nok dei høgaste fødselstala. I Ålesund vart det fødd 516 barn i 2017, ein nedgang på 4,8 prosent frå året før. I Molde var tilsvarande tal 245, ein relativt dramatisk nedgang på 16,8 prosent frå året før. I Kristiansund, som fekk 207 nye verdsborgarar i 2017, mangla det berre ein fødsel på å tangere fødselstalet frå 2016.

Størst relativ auke hadde Vanylven, der 33 fødslar gav ein auke på over 100 prosent frå året før. Sandøy opplevde ein auke på heile 50 prosent, frå seks til ni fødslar i perioden 2016–2017. Lågast var talet i Stordal, med berre fire nyfødde i 2017.

15 kommunar med negativt fødselsoverskot i 2017

Fødselsoverskot er talet på fødde minus talet på døde. Talet på døde i Møre og Romsdal gjekk frå 2016 til 2017 ned med 15 personar. Med ein nedgang i fødde på 32 vart fødselsoverskotet i Møre og Romsdal i 2017 redusert med 15 i høve til 2016 og enda på 457.

Surnadal er kommunen med størst negativt tal for 2017 med -13, deretter følger Stranda med -11 og Averøy med -10. Ålesund har størst fødselsoverskot (+171) med Giske (+73) på andre plass.

Gjennomsnittleg fødealder (gjennomsnittsalder på alle kvinner som har født i løpet av eit år) for kvinner auka med 0,2 år i 2017 og enda på 30,5 år. Frå tusenårsskiftet har fødealderen for kvinner i fylket auka med litt over eitt år.

Fruktbarheitstalet for kvinner held fram med å falle. I 2017 fall talet med 0,03 til 1,74, det lågaste som er registrert i fylket. For landet var fallet på heile 0,09 til 1,62. Berre fire fylke har høgare fruktbarheitstal enn Møre og Romsdal.