Studentar

Nær 14 000 studentar frå Møre og Romsdal 

I 2017 var det om lag 14 000 studentar i Noreg frå Møre og Romsdal. Av desse var det 5 281 menn og 8 523 kvinner. Det betyr 38,3 prosent menn og 61,7 prosent kvinner. På landsbasis var delen menn som studerer noko høgare, med 40,6 prosent, mens delen kvinner følgeleg var lågare, 59,4 prosent. Tabellen viser studentar i 2017 som var registrert busett i ein kommune i Møre og Romsdal då dei var 16 år gamle.

Tala viser at delen kvinner blant dei som studerte i 2017, var høgast i kommunane Eide, Gjemnes og Halsa, der delen kvinner utgjorde høvesvis 77,2 prosent, 74,0 prosent og 72,2 prosent av studentane. Delen menn var tilsvarande låg, i desse tre kommunane utgjorde dei under 30 prosent. I sju kommunar utgjorde menn over 40 prosent av studentane frå kommunen, og høgast del menn blant studentane var det frå kommunane Sula, Ålesund og Molde med 44,9 prosent, 42,6 prosent og 42,1 prosent.

Det er suverent flest studentar i dei største kommunane i landet. Flest er det i Oslo, med over 80 000 studentar, mens studenttalet er om lag 37 000 i Trondheim og 35 000 i Bergen. Såleis blir ofte ei rangering av studentar ved institusjonane lik rangering av innbyggartalet i skolekommunane (kommunen der skolane ligg). Figuren viser talet på studentar i skolekommunen i prosent av innbyggartalet i kommunen. Her kjem særleg Høgskolen i Volda godt ut, med om lag 43 prosent. I Molde er talet kring 8 prosent og i Ålesund kring 5 prosent. Kristiansund kjem i tala for 2017 ut i kategorien studiestadar med færre enn 1 000 studentar.

8 520 studentar ved høgare utdanningsinstitusjonar i Møre og Romsdal

Dei høgare utdaningsinstitusjonane i fylket, Høgskolen i Volda, NTNU Ålesund og Høgskolen i Molde hadde til saman 8 520 studentar registert i 2017. I tillegg til desse tre institusjonane var det kring 240 studentar ved Høgskolesenteret i Kristiansund (Høgskolen i Molde). Tala frå SSB er berekna ut frå såkalla skolekommune, altså kvar utdanningstilbodet ligg. Av dei 8 520 studentane var det 5 300 kvinner og 3 220 menn. Kvinnedelen var såleis 62,2 prosent.

Det er svakast kjønnsbalanse blant studentane ved Høgskolesenteret i Kristiansund og ved Høgskolen i Volda. Der er kvinnedelen kring 70 prosent, mens han er på om lag 60 prosent ved Høgskolen i Molde, omtrent som delen på landsbasis. Ved NTNU Ålesund var det i 2017 tilnærma lik fordeling av menn og kvinner.

Frå 2012 til 2017 gjekk talet på studentar ved institusjonane i fylket opp med 390 personar eller 4,8 prosent. Sterkast vekst var det relativt sett ved Høgskolesenteret i Kristiansund, med 100 fleire studentar, ein vekst på heile 71,9 prosent. I tal på studentar var veksten sterkast i Volda, med 176 fleire studentar, ein vekst på 4,7 prosent. Ved NTNU Ålesund og Høgskolen i Molde gjekk talet på kvinnelege studentar ned. Ved NTNU Ålesund vart det motverka av en høgare vekst blant mannlege studentar, mens det ved Høgskolen i Molde i sum var ein nedgang i det samla studenttalet når tala for Høgskolesenteret i Kristiansund ikkje er inkludert.

Om lag halvparten av studentane frå Møre og Romsdal (2017) hadde foreldre med høgare utdanning (lang eller kort). Til samanlikning utgjer personar med høgare utdanning 33,4 prosent av befolkninga over 16 år, utan at ein veit kor mange av dei som har barn som studerer.