Hovudpostar frå likninga

Svak inntektsauke i 2016

Hovudpostar frå likninga viser median og kjønnsfordelte gjennomsnittsinntekter for innbyggarar 17 år og eldre i kommunane i fylket. Bruttoinntekta er alle lønns-, nærings-, pensjons- og kapitalinntekter. I 2016 var median bruttoinntekt (midtverdien om ein sorterer alle bruttoinntektene i fylket stigande) på 370 600 kroner.

Endringa i median bruttoinntekt frå 2015 til 2016 var berre på 1,1 prosent, noko som er lågare enn tidlegare år og truleg heng saman med situasjonen innan dei olje- og gassrelaterte næringane i fylket på det tidspunktet. Også for landet samla var endringa frå 2015 til 2016 lågare enn tidlegare år, men høgare enn i Møre og Romsdal. Median bruttoinntekt var i 2016 380 200 kroner for landet. Av kommunane var det høgast median bruttoinntekt i Molde, med 395 600 kroner og lågast i Halsa med 328 500 kroner.

Gjennomsnittleg bruttoinntekt i 2016 var 419 900 kroner i Møre og Romsdal og 441 200 for landet sett under eitt. Gjennomsnittsinntekta var høgare både for menn og kvinner på landbasis enn ho var i Møre og Romsdal. På landsbasis var gjennomsnittleg bruttoinntekt for menn 522 900 kroner, mot 501 800 kroner i Møre og Romsdal. For kvinner var gjennomsnittleg bruttoinntekt på landsbasis 359 000 kroner, mot 334 700 kroner i fylket.

Gjennomsnittleg bruttoinntekt for begge kjønn var høgast i Sandøy, Giske og Herøy, alle tre over landsgjennomsnittet, mens ho var lågast i Halsa, Tingvoll og Stordal. Ein finn att dei same kommunane på botn og toppen når det gjeld gjennomsnittleg bruttoinntekt for menn. Det var sju kommunar i fylket som låg over landsgjennomsnittet for menn, men berre ein, Molde, som låg over landssnittet for kvinner. Gjennomsnittleg bruttoinntekt for kvinner i Molde var 365 900 kroner. Lågast var bruttoinntekta for kvinner i Sande med 297 100 kroner.