Sykkel

Inga merkbar endring i sykkelaktiviteten, tydeleg ver-avhengig

For å få meir kunnskap om kor mykje vi syklar på bestemte plassar, er det sett opp teljarar som måler talet på syklande på enkelte punkt. Tabellen viser at det blir fleire og fleire punkt, og kunnskapen om sykkelaktiviteten blir betre.

Tala viser dessverre at det er få som syklar, og at syklinga ikkje har nokon tydeleg positiv utvikling. Tala for både ÅDT (årsdøgnstrafikk) og SDT (sommardøgntrafikk) svingar mykje frå år til år. Tala for 2018 gjeld fram til og med 25. juni. Vi finn ein del relativt sett høge tal for SDT i 2018 samanlikna med tidlegare år, sjølv om det berre er for juni. Våren og sommaren 2018 var det svært lite nedbør og uvanleg høge temperaturar. Dette er truleg forklaringa på dei relativt sett høge SDT-tala, og viser kor veravhengig sykling er.