Igangsette og fullførte bustader

Vekst i bustadbygginga igjen     

Bustadbygginga auka i 2017 etter at ho fall frå 2015 til 2016. Samla vart det igangsett 1 245 bustadar i fylket i 2017. Dette var ein auka på 42 bustadar samanlikna med 2016, ein vekst på 3,5 prosent. På landbasis gjekk talet på igangsette bustadar ned frå 2016 til 2017 med 930 bustadar eller 2,6 prosent. I alt vart det igangsett bygging av om lag 35 300 bustadar i landet samla i 2017. 

Dei kommunane i fylket som hadde høgast bustadbygging i 2017, var Ålesund, med 240, deretter Molde med 191. På dei tre neste plassane finn vi omlandskommunar til Ålesund; Sula med 109, Giske med 67 og Skodje med 57 igangsette bustadar under bygging. Sterkast auke i bustadbygginga samanlikna med året før var det i Molde med ein auka på 82 bustadar, med dei tre nemnde omlandskommunane til Ålesund på plassane bak. I Giske auka bustadbygginga med 35, i Skodje med 34 og i Sula med 14. Størst nedgang i bustadbygginga frå 2016 til 2017 var det i Ulstein med 63 færre bustadar igangsett, med Rauma og Sandøy på plassane bak, med høvesvis 29 og 16 færre bustadar igangsett. 

I Møre og Romsdal vart det i perioden 2013 til 2017 fullført bygging av 6 823 bustadar. Av desse var 2 285 einebustadar, som tilsvarer 33,5 prosent. På landsbasis utgjorde einebustadar 26,8 prosent. Rekkehus og liknande utgjorde 40,6 av bustadane bygd i Møre og Romsdal i perioden, mot 23,3 prosent på landsbasis. Størst forskjell er det i delen blokker som vart bygd. På landsbasis utgjorde blokker 40,4 prosent mot 17,2 prosent i Møre og Romsdal. Andre bustadar (bu- og servicesenter, bufellesskap, hybelhus og studentbustadar) blir sporadisk bygd i Møre og Romsdal, og utgjer 8,7 prosent av bustadbygginga i fylket, mot 9,5 prosent på landsbasis. Av desse bustadane er 72,6 prosent i ein av dei tre byane i fylket.