Bibliotek

Stadig fleire arrangement i biblioteka 

Samfunnsoppdraget og rolla til biblioteka som aktiv formidlar vart forsterka i revidert biblioteklov i 2014. Folkebiblioteka skal vere ein møteplass og ein arena for samtale og debatt, dei skal ta vare på det kulturelle mangfaldet, styrke demokratiet, fremme inkludering og verne om ytringsfridomen og livskvaliteten til den enkelte. Eit viktig tiltak for å ta vare på denne rolla er ulike arrangement i biblioteka.

Talet på arrangement har auka både nasjonalt og i Møre og Romsdal. I 2017 var det i Noreg 9,5 arrangement per 1 000 innbyggarar. Av fylka ligg Møre og Romsdal heilt nedst, med 6,6 arrangement per 1 000 innbyggar. Nasjonalt har Nord-Noreg det høgaste snittet med Finnmark på topp. 

Sjølv om Møre og Romsdal ligg nedst, er det fleire kommunar her som skil seg positivt ut, og ti kommunar ligg høgt over landssnittet når det kjem til arrangement per innbyggar. Norddal har det høgaste snittet på 21,6 arrangement per 1 000 innbyggarar. Molde skil seg ut ved å ha flest arrangement i 2017, heile 208 arrangement. Det kan sjå ut som om enkelte bibliotek har hatt ein stor nedgang i talet på arrangement, men dette kan skuldast feilregistrering* i 2016. 

For å få opp talet på arrangement i biblioteka har Møre og Romsdal fylkeskommune sett av 200 000 kroner til tiltak som folkebiblioteka kan søke på. Arrangementsstøtte har vore ein viktig pådrivar for å auke aktiviteten i biblioteka. I 2016 vart 18 av 18 søknadar tildelte midlar. I 2017 auka talet på søknadar til 33, og av desse vart 20 innvilga støtte. Det er framleis 12 kommunar i fylket som ikkje har søkt om arrangementstøtte til sine bibliotek. 

Stor nedgang i talet på fagutdanna bibliotekarar

Fagkompetanse er heilt avgjerande for å kunne tilby gode bibliotektenester. Nokre bibliotek, særleg dei minste, opplever at det er utfordrande å rekruttere bibliotekfagleg kompetanse. Utviklinga frå 2009 til 2017 viser at talet på årsverk arbeidd av fagutdanna biblitekarar per 1 000 innbyggarar har gått ned med 2,6 prosent. Til samanlikning er denne delen redusert med heile 21,6 prosent i Møre og Romsdal.

Biblioteka utviklar seg, og det har blitt større behov for ulik kompetanse, men vi ser likevel at talet på årsverk for andre tilsette per 1 000 innbyggarar har gått ned med 11,8 prosent i Møre og Romsdal. Dette er som landet elles, der nedgangen var 11,6 prosent i det same tidsrommet. 

God fagleg kompetanse, og gjerne innanfor fleire fagområde, er viktig for å skape nytenking og utvikle bibliotektilboda i kommunane. Kompetansehevande tiltak er viktig i denne samanhengen. Tida (tal dagsverk) dei bibliotektilsette nyttar til fagleg påfyll, anten kurs eller konferansar, har auka frå 2016 til 2017. Totalt vart det brukt 271,5 dagsverk på dette i 2016 og 375,5 dagsverk i 2017. Den samla auken er på 38,3 prosent. Det var 22 kommunar som sette av meir tid til kompetansehevande tiltak i 2017 enn i 2016.

Enkelte bibliotek kjøper bibliotekteneste frå andre kommunar, og det kan gi utslag i statistikken. I tillegg vil tala vere proporsjonale med bemanning og årsverk i det enkelte biblioteket. Åtte bibliotek har under eitt årsverk i 2017. Dette var bibliotek i kommunane Eide, Gjemnes, Halsa, Midsund, Rindal, Sandøy, Stordal og Ørskog.