Helsepersonell i kommunane

Svak auke i årsverk i kommunehelsetenesta

Statistisk sentralbyrå (SSB) gir kvart år ut ei oversikt over kommunehelsetenesta. Statistikken omfattar opplysningar om fastlegar, fysioterapeutar, helsestasjons- og skolehelsetenesta, frisklivssentralar og anna førebyggande helsearbeid samt rekneskapstal. Mykje av dataa blir samla inn gjennom KOSTRA-systemet (Kommune-Stat-Rapportering). KOSTRA bygger på elektronisk innrapportering frå kommunane til Statistisk sentralbyrå.*

Statistikken innrapportert for 2017 viser at det samla for Møre og Romsdal er 8 261 årsverk i helse- og omsorgstenesta i kommunane, og det er 522 årsverk meir enn i 2015 (2015-tal lagt til grunn der det ikkje er rapportert 2017-tal). Det svarer til 357,6 årsverk per 10 000 innbyggarar i fylket, eit klart høgare tal enn landsgjennomsnittet som er 299,3. Av kommunane i Møre og Romsdal er det Vestnes som har
flest årsverk i forhold til folketalet (663,1), mens Ulstein har færrast årsverk etter folketalet (255,6).

Kommunane skal no følge opp regjeringa sin «Opptrappingsplan for habilitering og rehabilitering (2017– 2019)». Planen set forventingar til kommunane om å ha forsvarleg bemanning. KOSTRA-tala for 2017 viser at det er stor forskjell på kommunane i dekningsgrad av fysioterapeut. Best dekning hadde Stordal med 19,5 årsverk per 10 000 innbyggarar, og dårlegast fysioterapeutdekning var det i Halsa med 1,9. Fylkesgjennomsnittet var 8,7 fysioterapeutårsverk i kommunehelsetenesta per 10 000 innbyggarar, noko lågare enn landsgjennomsnittet på 9,4. Totalt for kommunane i Møre og Romsdal var det ein auke på 9,4 fysioterapeutårsverk frå 2015 til 2017. 16 av dei 36 kommunane i fylket stod for auken.

*Meir informasjon om KOSTRA-rapporteringa og detaljerte tal totalt og for kvar enkelt kommune finn ein på http://www.ssb.no/kostra/ og i Statistikkbanken (http://www.ssb.no/statistikkbanken)