Kollektivtrafikk - Travel like the locals

Auke i turistsatsinga «Travel like the locals» – ei verdiaukande teneste

«Travel like the locals» vart lansert sommaren 2016. Møre og Romsdal fylkeskommune utvikla i samarbeid med destinasjonsselskapa i fylket ei rekke pakketurar med kollektivtransport til dei mest kjende turistmåla i fylket. Turane kan kjøpast på nett og over disk hos turistinformasjonen. Det er ikkje oppretta eigne ruter for dette konseptet, turane utnyttar ledig kapasitet om sommaren. Inntektene frå desse turane auka frå 1,75 mill. kroner i 2016 til 2,8 mill. kroner i 2017.