Stenging av undersjøiske tunnelar

Svært lite, men aukande omfang av ikkje planlagde stengingar av undersjøiske tunnelar

Figurane viser tal timar for ikkje planlagde og planlagde stengingar av undersjøiske tunnelar i Møre og Romsdal frå 2010 til 2017. Stengingar på under 15 minutt er ikkje med.

Tal timar som dei sju undersjøiske tunnelane var stengde på grunn av uføresette hendingar, var til saman mellom 20 og 30 timar i året i perioden 2010 til og med 2014. Kvar tunnel var da i snitt stengd frå 2,8 til 4,2 timar i året. Frå 2015 til 2017 auka talet til mellom 50 og 66 timar, i snitt mellom 7,1 og 9,4 timar per tunnel per år. 

Alle tunnelane er stengde i nokre få timar kvart år på grunn av ikkje planlagde stengingar, talet på timar varierer. Blant dei ikkje planlagde stengingane finn vi dramatiske hendingar som må løysast raskt. Den viktigaste årsaka til auken i ikkje planlagde stengingar er truleg trafikkauken.

Dei planlagde stengingane har eit større omfang enn dei ikkje planlagde. Vedlikehald og oppgradering av tunnelane er naudsynt, spesielt av undersjøiske tunnelar. Behovet for vedlikehald og oppgradering bestemmer omfanget av dei planlagde stengingane. Det høgste talet er frå 2017, da tunnelane var stengde i 419 timar på grunn av oppgradering av Ellingsøy- og Valderøy-tunnelen. Trafikkavviklinga skjedde med kolonnekøyring og ekstra buss- og hurtigbåttilbod. Fannefjord-tunnelen vart rehabilitert og var stengd store delar av døgnet i 2015, og det registrerte talet timar for stengd tunnel er 6 446. Talet er usikkert, og det er difor ikkje med i statistikken.