Overvekt og fedme hos ungdom på sesjon

Auke i overvekt hos ungdom på sesjon

Overvekt og fedme gir ifølge Folkehelseinstituttet auka risiko for type 2-diabetes, hjarte- og karsjukdomar, høgt blodtrykk, slitasjegikt i kne og hofter og enkelte kreftsjukdomar som tjukktarmskreft. I tillegg kan det også føre til alvorlege psykiske helsekonsekvensar. 

Vi har no ein situasjon der folk er mindre fysisk aktive, samtidig som inntaket av energi (kaloriar) ikkje er tilpassa dette, noko som fører til at det er lett å utvikle overvekt. Hos den enkelte vil også arvelege og psykiske faktorar kunne spele ei rolle. 

Frå Vernepliktsverket har vi oversikt over høgd og vekt til menn og kvinner som blir oppgitt i den nettbaserte sesjon 1. Ut frå desse dataa blir det berekna ein kroppsmasseindeks (KPM) som blir nytta til å finne kor stor del som har overvekt og fedme*.

I perioden 2011–2014 til 2014–2017 (fire års gjennomsnitt) hadde delen med overvekt og fedme ved sesjon 1 i fylket auka frå 23,1 prosent til 25,7 prosent for begge kjønn samla. Vi låg over landsgjennomsnittet der tilsvarande del var på høvesvis 21,4 og 22,7 prosent. Av fylka låg fem fylke høgare enn Møre og Romsdal, og høgast låg Finnmark med 31,4 prosent. Lågast låg Oslo med 16,3 prosent (2014–2017).

Bykommunane i Møre og Romsdal kom betre ut enn fylkesgjennomsnittet. Molde, Ålesund og Kristiansund låg på høvesvis 21,6, 21,8 og 24,2 prosent for begge kjønn samla (2014–2017). Det var store variasjonar mellom kommunane i fylket, men heile 30 kommunar låg over nivået for landet. 

Når vi ser på utviklinga for kvinner og menn, finn vi at auken var størst for kvinner i perioden 2014–2017. Del overvektige kvinner hadde auka frå 20,0 til 24,1 prosent i perioden 2011–2014 til 2014–2017.

*WHO har sett desse grenseverdiane for personar over 18 år: KMI på mellom 25 og 29,9 = overvektig, KMI på 30 og over = fedme