FoU i næringslivet

Reduksjon i FoU-aktiviteten i næringslivet

FoU-aktiviteten i næringslivet har fram til 2015 vore veksande, men i 2016 rapporterte berre 25 prosent av verksemdene om FoU-aktivitet. Dette er ein reduksjon på to prosent samanlikna med 2015. Fire andre fylke hadde reduksjon i FoU-aktiviteten, mellom anna Oslo, men Møre og Romsdal er det einaste av vestlandsfylka med lågare FoU-aktivitet i 2016 samanlikna med 2015. Møre og Romsdal var også eitt av fire fylke der kostandar til eigenutført FoU vart redusert frå 2015 til 2016.

Auke i delen sysselsette som har lang høgare utdanning

Talet på FoU-årsverk har vore aukande fram til 2015, men vart redusert med 17 årsverk frå 2015 til 2016. Reduksjonen i årsverk som er utført av personar med høgare utdanning, var på 12 årsverk eller 2,7 prosent. På landsbasis var det ein auke på 1,4 prosent frå 2015. 

Sjølv om talet på FoU-årsverk går ned, er det framleis auke i talet på FoU-personar. Frå 2015 til 2016 auka talet på FoUpersonar med 22 frå 2 061 til 2 083 personar.

I 2016 vart 5,3 prosent av FoU-årsverka utført av personar med doktorgrad. Denne prosentdelen er svakt aukande, men ligg under landsgjennomsnittet på 8,5 prosent. Prosentdelen sysselsette med lang høgare utdanning held også fram med å auke. I 2017 utgjorde denne gruppa 6,3 prosent av dei sysselsette, mot 6,1 prosent i 2016. Eigenutført FoU per sysselsett vart redusert med 1 000 kr frå 2015 til 2016, mens gjennomsnittet for landet var ein auke på 2 300 kr per sysselsett.