Dispensasjonssaker

Ingen alarmerande endringar i talet for dispensasjonar

Plan- og bygningslova (kapittel 19) gir kommunane mynde til å dispensere frå arealplanar dei sjølv har vedteke. Saka skal likevel først sendast til høyring til overordna myndigheiter som kan ha interesse i saka. Fylkeskommunen fører eigen statistikk for rapportering til Statistisk sentralbyrå.

Denne statistikken viser at talet på søknadar om dispensasjon frå arealdelen i kommuneplanen har vore nokså stabilt sidan 2010. Dei siste to-tre åra har det derimot vore ein merkbar auke i talet på søknadar om dispensasjon frå reguleringsplanar. Dette er ikkje analysert nærare.

Det kan også sporast ein viss auke i talet på dispensasjonssøknadar frå byggeforbodet i hundremetersbeltet langs sjø (pbl § 1-8), men førebels er det vanskeleg å konkludere sikkert om dette. Tala frå 2019 er blåst opp til årsmengd proporsjonalt med saksmengda ved utgangen av august, og er mest sannsynleg for små fordi låg saksmengd om sommaren inngår i utgangssummen.

Det er svært stor variasjon mellom kommunane i talet på dispensasjonssaker, varierande frå null til over seksti innan det same året. Dette synleggjer store forskjellar både i arealpolitikk, planlojalitet og oversendingspraksis.

Fylkeskommunen gir faglege råd ut frå sine ansvarsområde. At talet på saker som er frårådd, søkk mellom 2014 og 2013, skuldast ein kombinasjon av endringar i statlege styringssignal og endringar i ressursbruk internt. Vi har ikkje grunnlag for å hevde at innhaldet i søknadane har endra seg vesentleg. Grunnlaget for fråråding er oftast konflikt med kulturverninteresser, interessene til barn og unge og/eller friluftslivsinteresser. Ofte er det også reint planfaglege argument for å frårå. Vi har ingen statistikk over kva som blir dei faktiske vedtaka.

Fylkeskommunen kan også påklage dispensasjonsvedtak, men dette blir gjort svært sjeldan.