Drikkevassforsyning

90 prosent har vatn frå vassverk

Reint vatn er livsnødvendig, og dagleg væsketap bør i stor grad bli dekt av reint drikkevatn. Det er også viktig å sikre godt vatn til næringsmiddelproduksjon og landbruk. 

Folkehelseinstituttet har brukt E.coli, som er ein sentral mikrobiologisk parameter, for å kontrollere kvaliteten på vatnet. Av innbyggarane i Møre og Romsdal er 96,9 prosent knytt til vassverk som forsyner minst 50 personar og har vatn av hygienisk kvalitet med omsyn til E.coli (2017)*. Dette er litt betre enn landet elles, der 95,9 prosent av befolkninga er knytt til vassverk som har hygienisk kvalitet. Det er forskjellar mellom kommunane i fylket i kor stor del av innbyggarane som er knytt til vassverk med tilfredsstillande analyseresultat (sjå kommunehelsa statistikkbank).

I leveringsstabilitet ligg fylket under landet, med 91,9 prosent mot 94,4 for landet. Tilfredsstillande leveringsstabilitet er her definert som lik eller under 30 minutt ikkje planlagde avbrot i året per tilknytt innbyggar.

Del personar som er knytt til vassverk som forsyner minst 50 personar, er på 90 prosent i Møre og Romsdal, noko som er litt over landet som er på 88 prosent (2017). Tala omfattar både private og kommunale vassverk. Også her er det forskjellar mellom kommunane. Mattilsynet har etablert ei registreringsordning for alle private forsyningssystem. På den måten kan kommunen ta omsyn til drikkevatnet når dei til dømes lagar kommunale planer, og gir løyve til nye bustadområde. 

Dårleg leidningsnett er ei utfordring, og arbeidet med å skifte ut/reparere går langsamt. Tal frå SSB viser talet på meter fornya kommunalt leidningsnett i gjennomsnitt dei siste tre åra (2016–2018). Molde, Ålesund og Kristiansund har fornya leidningsnettet med høvesvis 2 862, 2 744 og 2 447 meter. Deretter kjem Sandøy med 2045 meter.