Dagaktivitetstilbud

30 av 35 kommunar har dagaktivitetstilbod for personar med demens i 2018

Dagaktivitetstilbod for personar med demens har vore eit satsingsområde for kommunar og helsemyndigheiter sidan Demensplan 2015 kom i 2007.

Å prøve ut gode modellar for dagaktivitetstilbod til personar med demens var eit av satsingsområda i Demensplan 2015. I Demensplan 2020 er eit av måla å endre helse- og omsorgstenesteloven slik at kommunane får plikt til å tilby dagaktivitetstilbod til heimebuande personar med demens, gjeldande frå 1. januar 2020.

Den nasjonalfaglege retningslinja for demens seier at kommunen bør tilby tilrettelagt og tilpassa dagaktivitetstilbod til personar med demens. Dagaktivitetstilbodet bør innehalde både sosialt, kognitivt og fysisk stimulerande aktivitetar.

Same retningslinje har ein merknad om at aktivitetane skal bidra til å styrke deltakarane sine funksjonar i dagleglivet, fremme livskvalitet og bidra til å førebygge/redusere isolasjon og einsemd. I tillegg vil dagaktivitetstilbodet kunne innebere avlasting og støtte til pårørande.

I Nasjonal kartlegging i 2018 vart kommunane spurt om dei hadde dagaktivitetstilbod særleg tileigna og tilrettelagt for personar med demens. Med «tileigna personar med demens» er det meint at eit kriterium for å få plass er at demensdiagnose er sett, eller at demensutgreiing er starta. Med «tilrettelagt» for personar med demens er det meint at tilbodet har aktivitetar og organisering som er eigna for målgruppa.

I den nasjonale kartlegginga i 2007 svarte 10 kommunar (27 prosent) i Møre og Romsdal at dei hadde dagsenter øyremerka for personar med demens, mens i 2018 svarte 30 kommunar (86 prosent) at dei hadde dagaktivitetstilbod særleg tileigna og tilrettelagt for personar med demens.