Framskrivingar

Forskjellen i folketal vil forsterke seg

Framskriving av folketalsutvikling baserer seg i hovudsak på såkalla trendframskriving. For at slike framskrivingar skal vere relevante, føreset ein at det ikkje skjer eit «trendskifte » framover. Framskrivingane består av fleire element: fruktbarheit, levealder, innanlandsk flytting og innvandring. For innvandring har vi sett eit klart trendskifte dei siste to åra både for Noreg og ikkje minst for Møre og Romsdal. SSB oppdaterte i 2018 folketalsframskrivingane sine slik at dette trendskiftet i større grad vart tatt omsyn til. Vi ser tre klare hovudtrekk for Møre og Romsdal når det gjeld framskriving av folketalet: svakare vekst enn landet, sentralisering og til dels sterk aldring i befolkninga.

Svakare vekst enn landet 

Ser vi på hovudalternativet i folketalsframskrivingane til SSB, er det tydeleg at det skjer ei sentralisering av befolkninga fram til 2030. Dei tre minste fylka veks klart mindre enn dei tre største fylka. Størst vekst er venta i Oslo (11 prosent), Viken (10 prosent) og Agder (10 prosent). I Møre og Romsdal er det estimert ein vekst på fire prosent, om lag fire prosentpoeng lågare enn i landet samla (8 prosent).

Fem av 26 kommunar i fylket med høgare prosentvis folketalsvekst enn Noreg fram til 2030

Av dei 26 kommunane i fylket etter 1.1.2020 er det berre fem som er venta å få ein vekst som er like høg som landsgjennomsnittet fram til 2030 om ein legg hovudalternativet (MMMM) i framskrivingane til SSB til grunn. Størst vekst er det i Giske med 14 prosent, Ulstein med 13 prosent og Aukra med 11 prosent. Svakast vekst er det i Vanylven med -18 prosent, Fjord med -11 prosent og Sykkylven med -6 prosent. 

Sentralisering også i fylket fram til 2030

Sentraliseringa i Møre og Romsdal kan illustrerast med følgande: Dei 13 største kommunane har ein venta vekst på 5,2 prosent i 11-års perioden, mens det for dei 13 minste er venta ein nedgang i folketalet på -0,3 prosent i same periode. Dei tre største bykommunane er åleine venta å få 66 prosent av folketalsveksten i fylket fram til 2030, sjølv om folketalet der berre utgjer om lag 45 prosent av folketalet i Møre og Romsdal i 2019.

Færre barn og ungdom

Alderssamansettinga i befolkninga er eit viktig kunnskapsgrunnlag for offentleg planlegging (særleg kommunal), og ut frå dette har vi valt å sjå utviklinga i eit tidsperspektiv fram til 2030. Vekst i talet på barn og unge er ein viktig faktor for folkevekst i neste generasjon. Framskrivinga for dei nye kommunane viser ein utfordrande situasjon for Møre og Romsdal i framtida. Talet på barn og unge (0-19 år) i fylket er venta å gå ned med rundt 2 600 personar frå 2019 til 2030, ein reduksjon på 4,1 prosent.

Aldrande befolkning

Størst usikkerheit når ein gjer framskrivingar, knyter seg til flytting, både innanlandsk og til/frå utlandet. Det vi er tryggast på, er framskriving av befolkninga over 67 år. Årsaka til dette er at for ei framskriving over ti år, vil dette gjelde dagens befolkning over 57 år. Dette er ein alder då flytteraten er låg, og derfor er det hovudsakleg levealder som påverkar resultatet. I dag er 16,9 prosent av befolkninga i det framtidige Møre og Romsdal 67 år eller eldre, 1,8 prosentpoeng over landet, som har 15,1 prosent. I 2030 er det berekna at delen 67 år eller eldre i Møre og Romsdal vil auke til 21,1 prosent, 2,6 prosentpoeng over landsgjennomsnittet på 18,4 prosent. Fleire av kommunane i fylket må planlegge for ein stor del eldre i aldersgruppa 67 år og eldre framover. Vanylven (34,4 prosent), Fjord (28,6 prosent) og Tingvoll (27,1 prosent) får høgast del av befolkninga i aldersgruppa 67 år eller eldre. Sidan befolkninga lever lenger og er friskare enn før, kan ein diskutere kva grense ein skal legge til grunn for å vere eldre framover og når behovet for helse- og omsorgstenester kjem. Historiske tal viser at bruken av helse- og sosialtenester aukar kraftig etter 75 år.