Nyetableringar

Sterk auke i nyetableringar i 2018

I 2018 vart det registert 2 393 nye føretak i Møre og Romsdal. Dette er ein auke på 9,5 prosent frå året før. I landet elles gikk tala på nyetableringar ned med 0,8 prosent. Det er berre Troms og Trøndelag som har hatt sterkare vekst i nyetableringar i 2018 enn Møre og Romsdal.

Heile 1 037 eller 43,3 prosent av dei nye føretaka i fylket vart etablert i Ålesund, Molde og Kristiansund. Etter dei store byane var det flest nyetableringar i Fræna (92) og Ulstein (91). På Nordmøre vart det etablert flest nye føretak i Sunndal (55). 

Høgare etableringsgrad

Etableringsgrad er eit mål som blir nytta for å samanlikne etableringsaktiviteten på ulike område. Etableringsgraden er talet på nyregistrerte føretak i forhold til eksisterande føretak. I 2018 var etableringsgraden i Møre og Romsdal på 13 prosent, for landet 15 prosent. Det er ein auke på eit prosentpoeng frå året før.

7 kommunar i fylket har høgare eller lik etableringsgrad som landsgjennomsnittet, og høgast var den i kommunane Sandøy, Halsa, Fræna og Midsund. Lågast etableringsgrad var det i kommunane Aure, Norddal og Stranda. Størst auke i privat tenesteyting Dei fleste bransjane har auke i nye føretak frå året før. Flest føretak vart etablert innan teknisk tenesteyting/eigedomsdrift (505). Privat tenesteyting (305) er bransjen som har

størst vekst i nyetableringar. 

Det vart etablert 62 fleire føretak i denne bransjen, samanlikna med året før. Bygge og anleggsverksemd, varehandel, montorvognreprasjon og informasjon og kommunikasjon opplever stagnasjon eller svak nedgang frå i fjor. Det er forretningsmessig tenesteyting (173) hadde størst nedgang i nye føretak frå året før.

Målt i nyetablerte føretak per 1 000 innbyggjarar var talet på føretak i Møre og Romsdal mindre enn for landet sett under ett. Flest føretak per innbyggjar har Smøla kommune