Pendling

Høg utveksling av arbeidskraft mellom kommuane

Pendling er definert som ei arbeidsreise der arbeidstakar kryssar minst ei kommunegrense. Pendling blir skapt der det er underskot på arbeidsplassar i forhold til arbeidsstyrken. I 2018 var det 134 058 sysselsette personar busett i Møre og Romsdal og 129 245 sysselsette med arbeidsstad i fylket. Dette gav ei underdekning på arbeidsplassar på 4 813. I 2018 arbeidspendla 9 649 personar ut av fylket, mens 4 837 personar pendla inn. I prosent gav dette ei utpendling på 7,2 prosent av alle sysselsette busett i fylket og ei innpendling på 3,7 prosent av sysselsette med arbeidsstad i fylket.

Det er fleire menn enn kvinner som pendlar. Møre og Romsdal har relativ høg arbeidspendling, og pendlingsmatrisa indikerer at det er høg utveksling av arbeidskraft mellom kommunane.

Målt i absolutte tal var innpendlinga størst til Ålesund med 8 659 personar. Deretter følger kommunane Molde, Kristiansund, Volda og Ulstein. Målt i forhold til arbeidsplassar var innpendlinga størst til Skodje med 49,3 prosent. Det betyr at nærare annankvar arbeidstakar i Skodje arbeidspendla til kommunen i 2018. I 2018 pendla 4 954 personar ut frå Ålesund, følgd av Sula og Fræna. I prosent var utpendlinga størst frå Skodje med 64,3 prosent. 

Av kommunane i Møre og Romsdal hadde to kommunar ei utpendling på meir enn 40 prosent. At arbeidspendlinga er høg i Møre og Romsdal, kjem også til uttrykk ved at 28 kommunar i fylket hadde netto utpendling i 2018. Unntaka var Ålesund, Molde, Volda, Ulstein, Surnadal, Sunndal, Stranda og Smøla. Dette er kommunar med høg arbeidsplassdekning, altså med fleire arbeidsplassar enn sysselsette busett i kommunen. Pendlingsmatrisa viser at desse kommunane har høg innpendling frå nabokommunane.

Ser ein på utviklinga i innpendling til dei tre største byane i Møre og Romsdal, finn ein at den på 10 år har auka med 10 prosent for Molde, 24 prosent for Ålesund og 3 prosent for Kristiansund.