Fiskeri og havbruk

Kraftig nedgang i akvakulturen i fylket 

Sal av slakta matfisk frå Møre og Romsdal sokk dramatisk frå 2017 til 2018. Nedgangen var stor både målt i tonn og i kroner. Størst var nedgangen målt i tonn, med ein nedgang på 47,4 prosent, noko som tilsvara nær 82 000 tonn matfisk. Målt i kroner var nedgang på nær 4 milliardar kroner, ein prosentvis nedgang på 45,2 prosent. Brakklegging med påfølgande utsett i store brakkleggingssonar med utsett vår 2018 har ført til ein vesentleg reduksjon i produksjon og slaktevolum i 2018 samanlikna med 2017. I tillegg har utfordringar med utbrot av Pankreassjukdom på Nordmøre med påfølgande utslakting og flytting av fisk påverka produksjonen på Nordmøre negativt for 2018. På landsbasis var det ein auke på om lag 46 000 tonn i mengde, tilsvarande 3,5 prosent, mens auken i sal målt i kroner var på om lag 2,9 milliardar kroner, eller 4,4 prosent.

Ålesund fiskerihovudstad

Møre og Romsdal er det største fiskerifylket målt både i verdien av fangsten og samla vekt på fangsten til fartøy heimehøyrande i fylket. I 2018 var verdien på fangsten til fartøya frå fylket på om lag 4,1 milliardar, mens den totale mengda var på om lag 477 000 tonn. Ålesund er den største fiskerikommunen i landet målt i vekta på fangsten, mens Fræna kjem på ein tiande plass om ein rangerar kommunane nasjonalt. Frå 2017 til 2018 gikk fangsten ned målt i vekt, med 1,0 prosent, mens den auka målt i verdi, med 4,4 prosent.

Fangsten landa i fylket bestod i 2018 av 283 000 tonn pelagisk fisk (som til dømes sild og makrell), 142 000 tonn torsk og torskeartet fisk. Flatfisk, botnfisk og djupvassfisk utgjorde om lag 14 000 tonn, mens skaldyr og blautdyr utgjorde 1 500 tonn. Bruskfisk (haifisk, skater, rokker og havmus) utgjorde 286 tonn, mens makroalgar (tang og tare) utgjorde om lag 36 000 tonn. Samanlikna med 2017 ser ein at fangsten av skaldyr og makroalgar har hatt ei svært god utvikling, med ein vekst på høvesvis 75,6 og 85,8 prosent.