Eksport

I noregstoppen i eksport av sjømat

Fastlands-Noreg eksporterte i 2018 tradisjonelle varer til ein samla verdi av 455,4 milliardar kroner. Dei tre største eksportfylka i landet er Hordaland, Rogaland og Møre og Romsdal. Saman eksporterte desse fylka tradisjonelle varer til ein verdi av 162 milliardar kroner, om lag 36 prosent av den samla eksporten frå Noreg. Eksporten frå Møre og Romsdal i 2018 hadde ein verdi på 40,5 milliardar og utgjorde 9,0 prosent av den nasjonale eksporten.

I perioden frå 2016 til 2018 auka eksporten frå Møre og Romsdal med om lag 1,8 milliardar kroner eller 4,6 prosent. Det siste året har verdien på eksporten frå fylket hatt ein liten vekst på 1,0 prosent eller om lag 400 millionar kroner. 

Noreg er ein stor eksportør av fisk og fiskeprodukt og eksporterte samla for nærare 96 milliardar kroner i 2018. Møre og Romsdal er det største eksportfylket av fisk og står aleine for om lag 20 milliardar kroner av denne eksporten, noko som utgjer nærare 21 prosent av all fiskeeksporten frå landet. Frå 2017 til 2018 auka eksporten av fisk med 636 millionar eller 3,3 prosent i Møre og Romsdal, mens den for landet sett under eitt auka med 3,9 milliardar, eller 4,2 prosent. Følgeleg hadde fiskeeksporten i fylket ei dårlegare utvikling enn i landet sett under eitt.

Ei samanstilling av eksportverdien for perioden januar til juli 2019 med same periode i 2018 (førebelse tal) viser at det har vore ein auke på 22 prosent for Møre og Romsdal, og dette er størst auke av alle fylka. For landet sett under eitt var auken 6,5 prosent. Samla for  perioden januar til juli 2019 er Møre og Romsdal det nest største eksportfylket med ein eksportverdi på om lag 26 milliardar – ein auke på 4,7 milliardar kronar frå same perioden i 2018. Størst nedgang målt i kroner hadde Hordaland med ein nedgang på 658 millionar kroner.