Samanlikning av folketalsframskrivingar

Framskrivingane bommar, men dei er naudsynte

Den demografiske profilen i dei ulike kommunane er ein av dei viktigaste drivarane av kommunale tenester, og med det den kommunale økonomien. Det er derfor viktig for kommunane å ha kunnskap om befolkninga, mellom anna kunnskap om folketal og alders- og kjønnsprofil. Kunnskap om situasjonen slik den er no, kan i mange høve vere det viktigaste, til dømes må grunnskolen vite kor mange elevar som kjem til hausten. I den langsiktige planlegginga til kommunane er det naudsynt med framskrivingar av ulike variablar. Om eit skolebygg er gamalt og eit nytt skal byggast, har beslutningstakarane behov for kunnskap om kor mange elevar ein skal planlegge skolebygget for. Folketalsframskrivingane til Statistisk sentralbyrå (SSB) gir informasjon om ulike baner for korleis folketalet i landet og kommunane vil utvikle seg framover, basert på ulike føresetnadar. Men framskrivingar av folketalet vil mest truleg ikkje bli det same som det realiserte folketalet. Det er derfor interessant å sjå på korleis folketalsframskrivingane til SSB for Møre og Romsdal har endra seg over tid.

SSB publiserer om lag annakvart år nye folketalsframskrivingar, og vi skal sjå på eit utval. Folketalsframskrivingane frå 2002 og 2008 undervurderte folketalsveksten i Møre og Romsdal, mens 2014- og 2016-framskrivingane overvurderte veksten i fylket. 2018-framskrivinga er så ny at det ikkje er store forskjellar på fylkesnivå enno. Mykje av forklaringa på dette ligg i at SSB nyttar trendframskrivingar. Det vil seie at om det har vore stor vekst, så vil også prognosane tendere mot å vere positive. Samanliknar vi 2008-framskrivinga for 2019 med realisert folketal i 2019, ser vi at framskrivinga ikkje klarte å sjå den sterke veksten på Søre Sunnmøre dei etterfølgande 5 åra. Med unntak av Vanylven var framskrivinga for låg for alle kommunane der. Særleg i kommunane Sunndal, Eide, Stordal og Tingvoll var folketalsframskrivingane som vart publisert i 2008 for 2019, for høge.