Vidaregåande opplæring - gjennomføring

Lågare fullføringsgrad i vidaregåande utdanning

Det er eit mål at flest mogleg elevar og lærlingar skal fullføre og bestå vidaregåande opplæring. Gjennomføring er måltalet for dette. Gjennomføring måler resultatet av opplæringa for elevane i vidaregåande opplæring fem år etter at dei begynte på Vg1 for første gong, ved å sjå på:

1. Fullført og bestått på normert tid er for elevar som begynner på studieførebuande utdanningsprogram, og som er definerte til å fullføre og bestå på tre år. For elevar som begynner på yrkesfaglege utdanningsprogram, er normert tid sett til fire år.

2. Fullført og bestått over normert tid er definert til ikkje å fullføre og bestå på normert tid, men greie det innan fem år 

Dei elevane som ikkje fullfører i løpet av fem år, men fullfører på eit seinare tidspunkt, kjem ikkje med i denne statistikken. 76,3 prosent av elevane som starta vidaregåande skole i fylket i 2013 (2013-kullet), fullførte i løpet av fem år (oktober 2018*). Det er fem prosent høgare enn for 2006-kullet, men ein prosent lågare enn for 2012-kullet. Samanlikna med landet er gjennomføringa i Møre og Romsdal ein prosent høgare for 2013-kullet. Historisk har gjennomføringa i Møre og Romsdal vore høgare enn for landet dei seinare åra. Forskjellen har minka, og den er no på sitt lågaste av dei siste åtte årskulla.

*Rindal kommune er med i 2018 tala for Møre og Romsdal.

Foreldra sitt utdanningsnivå har mykje å seie

Det er ein samanheng mellom gjennomføringa til elevane i den vidaregåande opplæringa og utdanningsnivået til foreldra. Gjennomføringa i løpet av fem år er 89,6 prosent for elevar som har foreldre med lang høgskole- eller universitetsutdanning, om lag 33 prosentpoeng høgare enn for elevar med foreldre som har grunnskoleutdanning som si høgaste utdanning, og om lag 18 prosent høgare enn for elevar med foreldre med vidaregåande utdanning som si høgaste utdanning. Det er liten forskjell på tala for Møre og Romsdal og for Noreg.

Stor forskjell i gjennomføring mellom utdanningsprogram

Bryt vi gjennomføringa ned på utdanningsprogram, ser vi at det er høgast gjennomføringsgrad på dei studieførebuande utdanningsprogramma. Gjennomføringsgraden der er på 90,9 prosent, 27,9 prosentpeng høgare enn for dei yrkesfaglege utdanningsprogramma. Der er gjennomføringa 63,0 prosent. Forskjellen har dei siste 10 åra variert mellom 20 og 30 prosentpoeng. Samanlikna med landet er forskjellen litt høgare i Møre og Romsdal enn i landet.

Stor forskjell i gjennomføring mellom kommunane

Som tidlegare år er det store forskjellar mellom kommunane i fylket når det gjeld gjennomføring av vidaregåande opplæring. Det er vanskeleg å finne klare samanhengar i desse tala. Når ein les tala, må ein vere klar over at elevkulla kan vere små i enkelte kommunar, og at resultatet for enkeltelevar kan bety mykje for totalen. Dette gjer at tala kan svinge ganske mykje frå år til år. Rindal kommune er med i tala for 2013-kullet for Møre og Romsdal. Rindal hadde høgast gjennomføring for 2013-kullet med 88,9 prosent framfor Norddal med 88,3 prosent. Ørskog var tredje best (86,2 prosent). Berre 12 av kommunane i fylket hadde lågare gjennomføringsgrad enn landet. Lågast var Sande med 54,2 prosent, Hareid (57,5 prosent) og Nesset (57,7) prosent.

Skil vi mellom utdanningsprogram, ser vi at både Smøla, Gjemnes og Norddal hadde ein gjennomføringsgrad på 100 prosent for dei studieførebuande utdanningsprogramma. Lågast var Sande (56,3 prosent), Hareid (68,1 prosent) og Vanylven (77,8 prosent). For dei yrkesfaglege utdanningsprogramma hadde Nesset lågast gjennomføringsgrad med 41,2 prosent, deretter kom Kristiansund (49,7 prosent) og Sande (50 prosent). Høgast gjennomføring på yrkesfaglege utdanningsprogram var det i Rindal med 91,7 prosent, Ørskog med 83,3 prosent og Norddal med 80,0 prosent.