Bustadsstorleik

Gjennomsnittleg størrelse på bustadar er 119 kvadratmeter i tettbygde strøk i Møre og Romsdal

I Møre og Romsdal var gjennomsnittleg areal på bustadar i tettbygde strøk 119 kvm i 2017, 13 kvm meir enn gjennomsnittet i landet, som er 106 kvm. Av andre fylke utan storbyar, er det berre Sogn og Fjordane som har større gjennomsnittleg areal (122 kvm). Rogaland har det største gjennomsnittlege arealet med 124 kvm, mens Oslo har minst med 81 kvm. Som forventa er det større bustadar i områda som er kategorisert som spreidd bygd enn i dei som er kategorisert som tettbygd. I områda i Møre og Romsdal som er spreidd bygd, er gjennomsnittleg areal 144 kvm, og det er om lag 25 kvm større enn i dei tettbygde områda i fylket.

Det er naturleg nok store forskjellar mellom ulike typar hushald. Aleinebuande har større areal per person enn hushald med meir enn ein person. Det er naturleg sidan nokre rom er naudsynt uavhengig av talet på personar, til dømes kjøkken og bad.

Hushald av par med eitt barn har i tettbygde strøk ein bustad på 125 kvm i gjennomsnitt for landet samla. Det er 4 kvm meir enn par utan barn eller med vaksne barn (121 kvm), men 13 kvm mindre enn par med to barn (138 kvm) og 23 kvm mindre enn par med fleire enn to barn (148 kvm). 

I Møre og Romsdal er bustadane meir romslege. Til dømes har par med to barn i tettbygde strøk i gjennomsnitt 152 kvm.

Bryt vi dei nasjonale tala ned på type bustad, ser vi at forskjellane er mykje mindre for bustadar som ikkje er einebustadar. Til dømes for hushald som bur i bustadblokk, skil det berre 4 kvm for par utan barn eller med vaksne barn og par med fleire enn to barn. Og samanliknar vi gjennomsnittleg areal for par med fleire enn to barn, ser vi at det er 168 kvm for einebustadar og 81 kvm for bustadblokk.