Næringsstruktur

Sysselsettinga på veg opp att

Perioden frå 2014 til 2018 var utfordrande for sysselsettinga i fylket. Det vart 2 592 færre sysselsette med arbeidsstad her, ein nedgang på 2,0 prosent i perioden. Dette trass i at ein frå 2017 til 2018 hadde ein vekst på 2 185 sysselsette eller 1,7 prosent.

Utviklinga i sysselsettinga på fylkesnivå syner kva konjunkturar fylket samla både står og har stått overfor. Sysselsettinga i industrien har i femårsperioden gått ned med 2 032 sysselsette, ein nedgang på 9,4 prosent. Nedgangen skuldast mellom anna utviklinga i oljeprisen, med eit kraftig fall som har gitt industrien vår utfordringar. Utfordringar i ei næring skaper ofte ringverknader, og ein ser at transport og lagring hadde ein nedgang på 1 074 sysselsette eller 11,4 prosent, og i varehandel har sysselsettinga gått ned med 1 067 sysselsette eller 6,3 prosent. Den enkeltnæringa som hadde den største nedgangen relativt sett, var bergverksdrift og utvinning, der sysselsettinga fall med 20,1 prosent eller 358 sysselsette. 

I nokre næringar, eller bransjar, har utviklinga vore annleis. Innan helse- og sosialtenester auka sysselsettinga med heile 1 524 sysselsette, eller 5,6 prosent. Det speglar det stadig aukande omsorgsbehovet i kommunane, som i stor grad knyter seg til omsorgstenester til eldre. Samstundes auka talet på sysselsette innan offentleg administrasjon og undervisning også i den same perioden. Her var veksten i talet på sysselsette høvesvis 661 og 432 (11,2 og 4,4 prosent).

Den største forskjellen mellom næringsstrukturen til Møre og Romsdal og landsgjennomsnittet er knytt til delen sysselsette innanfor jordbruk, skogbruk og fiske. Denne næringa utgjer 4,0 prosent av dei sysselsette i fylket, mot 2,2 prosent på landsbasis. Det betyr at næringa si del, målt som del av sysselsette, er omlag dobbelt så stor i fylket samanlikna med landsgjennomsnittet.