Høgare utdanning i Møre og Romsdal

Størst auke i studentar ved NTNU Ålesund

Dei høgare utdanningsinstitusjonane i fylket, Høgskolen i Volda, NTNU Ålesund og Høgskolen i Molde hadde til saman 8 482 studentar registert i 2018. Høgskolesenteret i Kristiansund har 301 studentar som er medrekna i talet for Høgskolen i Molde. Tala frå SSB er berekna ut frå såkalla skolekommune, altså kvar utdanningstilbodet ligg. Av dei 8 482 studentane var 5 137 kvinner og 3 345 menn. Kvinnedelen var såleis 60,6 prosent.

Samanlikna med året før gikk elevtalet ned med 38 studentar. Tal menn auka med 125 frå året før, medan det vart 163 færre kvinner. Størst auke i tal studentar var det ved NTNU Ålesund. Der auka talet med 65 personar. 63 av desse var menn og 2 var kvinner. 

Frå 2013 til 2018 gikk talet på studentar ved institusjonane i fylket opp med 363 personar eller 4,5 prosent. Sterkast vekst hadde relativt sett Høgskolesenteret i Kristiansund med 20 fleire studentar, ein vekst på heile 7,1 prosent. I tal på studentar var veksten sterkast i Volda med 161 fleire studentar, ein vekst på 4,4 prosent. Ved NTNU Ålesund var veksten på 131 studentar i femårsperioden (5,8 prosent) og ved Høgskolen i Molde var veksten på 51 studentar (2,7 prosent), når tala for Høgskolesenteret i Kristiansund ikkje vert medrekna. 

Størst kjønnsubalanse i Volda og Kristiansund

Ved skolestart 2018 var det svakast kjønnsbalanse blant studentane ved Høgskolen i Volda og ved Høgskolesenteret i Kristiansund. Begge stadar er kvinnedelen i underkant av 70 prosent, mens den er på om lag 60 prosent ved Høgskolen i Molde. Ved NTNU Ålesund var det i 2018 omtrentleg kjønnsbalanse blant studentane.

På landsbasis var delen kvinner 59,4 prosent i 2018. Det er om lag det same som i år 2000.