Tett- og spreiddbygde strøk

Vi bur tettare saman

Av det samla folketalet i Møre og Romsdal i starten av 2018 (utan Rindal), budde 72,5 prosent i tettstadar, ein auke på 1,9 prosentpoeng sidan 2014. I landet samla var tilsvarande tal 81,9 prosent i 2018 og 80,8 prosent i 2014, altså ein auke på 1,1 prosentpoeng. Dei seks kommunane som har høgare del enn landsgjennomsnittet, er Ålesund, Sula, Kristiansund, Hareid, Molde og Giske. 

Talet på personar som budde i tettstadar i Møre og Romsdal i 2018 var 191 626, mens det var 182 833 i 2014, ein auke på 4,8 prosent. Det viser at folketalsveksten i tettstadane er sterkare enn i spreiddbygde område, sidan samla folketalsvekst var 2,1 prosent i denne 4 årsperioden. 

Statistisk sentralbyrå (SSB) definerer «tettstad» som ei samling hus der det bur minst 200 personar, og avstanden mellom husa ikkje er lengre enn 50 meter. Det gjer at tettstadar som ligg i grenselandet for definisjonen, kan «hoppe» ut og inn av statistikken. Dimna i Ulstein var tettstad i 2018, men ikkje i 2017. For Remøy og Tjørvåg i Herøy gjeld det motsette. Måler vi berre talet på folk i tettstadane, ser vi at Herøy hadde den største nedgangen med -8,1 prosent.

I Averøy har tilsvarande tal auka heile 115,6 prosent sidan 2014. Det kan tyde på at fleire bustadområde har vakse saman til ein tettstad i løpet av perioden. Sande og Vanylven har begge ein kraftig auke i folketalet i tettstadsområda samtidig som folketalet samla har minka. Truleg speglar det ei sentralisering innanfor kommunen.

Over 2 000 personar per kvadratkilometer i dei største byane

I Ålesund, Kristiansund og Molde er tettstadarealet om lag like godt utnytta, med drøye 2000 innbyggarar per kvadratkilometer. Dette dreg også opp fylkesgjennomsnittet. Tettstadane i Volda og Ulstein er dei som kjem nærast, og det er også desse som har mest bypreg.