Levealder

Forventa levealder for nyfødde jenter i fylket er 84,7 år

Forventa levelader for nyfødde er kor mange år ein nyfødd kan forvente å leve. Måltalet blir rekna ut frå dei aldersavhengige sannsynlegheitene for å dø i perioden. Måleperioden er fem kalenderår, til dømes er den siste perioden åra frå 2011 til 2015. Forventa attståande levetid blir berekna med same metode for ulike alderstrinn. Nyfødde jenter i Møre og Romsdal hadde ein forventa levealder på 78,9 år på starten av 1970-talet. I landet var den 77,7 år, altså 1,2 år lågare enn i Møre og Romsdal. Den forventa levealderen har auka med 5,8 år i Møre og Romsdal, slik at den no er 84,7 år. På landsbasis har den auka med 6,0 år til 83,7 år. Nyfødde jenter i Møre og Romsdal har altså framleis ein lengre forventa levealder enn i landet samla, men forskjellen har minka til 1,0 år.

Forventa levealder for nyfødde gutar har auka med 8,2 år sidan 70-talet

Nyfødde gutar har ein lågare forventa levealder enn nyfødde jenter. Den forventa levealderen for nyfødde gutar i fylket er no 80,6 år. Det er 4,1 år lågare enn for nyfødde jenter. For gutar kan vi sjå det same mønsteret mot landet som for jenter. Gutar i Møre og Romsdal har 0,9 år høgare forventa levealder enn nyfødde gutar i landet samla, om lag som på tidleg 1970-tal. Den store forskjellen mellom nyfødde jenter og gutar er at den forventa levealderen til gutane har auka meir sidan 1970-talet. Den forventa levealderen til nyfødde gutar både i Møre og Romsdal og i landet samla har auka med 8,2 år over dei siste 40 åra. Det er over to år meir enn for jentene.

Forventa attståande levetid for 65-årige menn i fylket er 19 år

Menn i Møre og Romsdal som oppnår ein alder på 65 år har ei forventa attståande levetid på 19,0 år, mens den er 21,9 år for kvinner. For begge kjønna er attståande levetid 0,6 år lengre enn for landet samla sett.