Sysselsetting innvandrarar

Innvandrarane viktige for sysselsettinga i fylket

Møre og Romsdal hadde i 2018 ein høgare del av befolkninga som var sysselsett enn landsgjennomsnittet, både av den samla befolkninga og blant innvandrarbefolkninga. Innvandrarbefolkninga blir gruppert i innvandrarar frå gruppe 1 (EU/EFTA, Nord-Amerika, Australia og New Zealand) og innvandrarar frå gruppe 2 (Asia, Tyrkia, Afrika, Latin-Amerika, Europa utanom EU/EFTA og Oseania utanom Australia og New Zealand).

I 14 av dei 36 kommunane i fylket var det per 4. kvartal 2018 ei høgare sysselsetting blant innvandrarbefolkninga enn i befolkninga elles. Størst skilnad var det i Midsund kommune, der andelen sysselsette i innvandrarbefolkninga var 7,9 prosentpoeng høgare enn i befolkninga elles. Det er store forskjellar mellom innvandrarane i gruppe 1 og gruppe 2 når det gjeld kor stor del som er sysselsette. I gruppe 1 er andelen sysselsette på 71,2 prosent i Møre og Romsdal, noko som speglar at innvandrarane i den gruppa i hovudsak har innvandra grunna arbeid. I gruppe 2 finn ein langt fleire flyktningar som har større utfordringar i arbeidsmarknaden. 

Innvandrarar frå land i gruppe 1 har ein høgare del sysselsette enn befolkninga utanom innvandrarar i 30 av 36 kommunar, mens andelen sysselsette innvandrarar frå land i gruppe 2 er høgare enn befolkninga utanom innvandrarar i fire kommunar. 

Høgast relativ del sysselsette innvandrarar hadde Stranda, Midsund og Stordal, mens andelen relativt sett var lågast i Rindal, Volda og Sunndal. Målt i tal sysselsette var det flest sysselsette innvandrarar i Ålesund, Molde og Kristiansund. Frå 2017 til 2018 auka talet på sysselsette innvandrarar frå 16 748 til 17 603, ein vekst på 855 sysselsette eller 5,1 prosent. Veksten utgjorde om lag 40 prosent av den samla sysselsettingsveksten.