Flytting

Betre flytteoverskot for Møre og Romsdal

I omgrepet flytting ligg fleire komponentar. Vi opererer med innflytting og utflytting der resultatet blir nettoflytting. Flytteoverskot har vi når denne summen er positiv, mens vi snakkar om flytteunderskot når det er negativt. Vi skil også mellom innanlandsk flytting og flytting til og frå utlandet (innvandring/utvandring).

Flytteoverskotet i Møre og Romsdal var i 2018 på 145 personar, ein auke frå året før på 33 personar (112 personar i 2017). Men vi er framleis langt lågare enn toppen på 2 210 personar i 2012, som var før nedturen i oljenæringa og fallet i arbeidsinnvandringa tok til. Innflyttinga til fylket i 2018 var på 6 243 personar (6 737 i 2017), mens 6 098 flytta ut (6 625 i 2017). Både inn- og utflytting gikk ned frå 2017.

I 2018 hadde 14 av 36 kommunar i Møre og Romsdal flytteoverskot. I 2017 var tilsvarande tal 20 kommunar. Ålesund toppar lista med 313 personar i flytteoverskot. På dei neste plassane finn vi Sula med 83 og Skodje med 55. Flytteoverskotet i Ålesund meir enn dobla seg frå 2017 til 2018, med ein auke på 177 personar. Herøy, Volda og Kristiansund er dei tre kommunane med høgast flytteunderskot med høvesvis 50, 48 og 44 personar. 

Lågare innanlandsk flytteunderskot

I 2018 var flytteoverskotet frå utlandet på 1 116 personar, og det innanlandske flytteunderskotet var på 971 personar. Flytteoverskotet frå utlandet var 75 personar lågare enn i 2017 (1 191 personar). Det innanlandske flytteunderskotet var 108 personar lågare enn året før (1 079 personar). Ser vi litt lengre tilbake i tid, finn vi at flytteoverskotet frå utlandet var på sitt høgaste i 2012 med 3 096 personar. Arbeidsinnvandringa var den sterkaste drivaren for flytteoverskotet den gongen. Det har vore ei innanlandsk fråflytting frå Møre og Romsdal, mellom anna fordi innvandrarbefolkninga flyttar meir enn befolkninga elles. I dei seinare åra var det innanlandske flytteunderskotet høgast i 2016 med 1 157 personar. 

Berre åtte kommunar i fylket hadde eit innanlandsk flytteoverskot i 2018. Dei tre kommunane med høgast innanlandsk flytteoverskot var Ålesund (94 personar), Sula (48 personar) og Skodje (35 personar). Størst innanlandsk flytteunderskot var det i Kristiansund med 128 personar, følgd av Molde (111 personar) og Volda (105 personar). Kristiansund hadde også det største flytteunderskotet av
kommunane i fylket i 2017.

Akershus med størst innanlandsk flytteoverskot

Samla hadde sju fylke innanlands flytteoverskot i 2018. Alle ligg sør for Møre og Romsdal. Oslo hadde også i 2018 størst innanlands flyttunderskot, noko som i hovudsak skuldast flytting til Akershus.

Positiv utvikling i aldersgruppa 20–29 år

Det er i aldersgruppa 20–29 år vi finn den største innanlandske netto flyttestraumen. Flytteunderskotet i denne aldersgruppa var mindre i 2018 samanlikna med 2017. For aldersgruppa 20–29 år var flytteunderskotet 849 personar i 2018, mot 912 personar i 2017. Også for aldersgruppa 30–39 år var det ei positiv utvikling frå -9 personar i 2017 til +23 personar i 2018.

Flyttemønsteret til barn og ungdom 15 år og yngre er i all hovudsak styrt av foreldra. I 2018 var det eit netto innanlandsk flytteoverskot i denne aldersgruppa på 20 personar, mot 27 personar 2017. Til samanlikning var det eit overskot på 147 personar i 2014. I dei siste fire åra har det vore eit flytteunderskot i aldersgruppa 6–15 år og eit flytteoverskot i aldersgruppa 0–5 år.

Mange innvandrarar flyttar frå fylket 

I 2018 var over halvparten av det innanlandske flyttetapet i fylket frå personar i innvandrarbefolknnga (54 prosent). Samanlikna med 2017 er det om lag 2 prosentpoeng høgare, men det er lågare enn i til dømes 2016. Då var dette i overkant av 60 prosent. Innvandrarbefolkninga er definert som innvandrarar og norskfødde med innvandrarforeldre.

Færre personar flytta til utlandet

I Møre og Romsdal flytta i 2018 11 329 personar ut av kommunen dei budde i ved inngangen av året, om lag 700 personar færre enn i 2017. 1 066 personar flytta til utlandet i 2018, mot 1 341 personar i 2017. 

5 231 personar flytta frå ein kommune i Møre og Romsdal til ein annan kommune i fylket i 2018. 1 146 flytta til ein kommune i Trøndelag og 1 019 flytta til Oslo. I 2018 flytta færrast personar til kommunar i Aust-Agder (55), Finnmark (58) og Telemark (83).

Lite flytting internt i kommunane 

Flytting internt i kommunane heng saman med folketalet i kommunane. Eit måltal som kan samanliknast mellom ulike kommunar, er talet på flyttingar per 1 000 personar av middelfolkemengda*.

I dei store byane i landet er det meir kommune-intern flytting enn i mindre kommunar. Oslo hadde i 2018 129,5 flyttingar per 1 000 personar av middelfolkemengda, Trondheim 116,6 og Bergen 111,6. Av kommunane i Møre og Romsdal var Smøla (129,1), Kristiansund (94,8), Molde (87,3) og Ålesund (85,6) dei fire kommunane med høgast måltal. Smøla låg uvanleg høgt i 2018 samanlikna med åra før.

Historiske tal for dei tre største byane i fylket viser at Kristiansund normalt har hatt fleire flyttingar per 1 000 personar av middelfolkemengda enn Ålesund og Molde. Ålesund har vanlegvis eit høgare måltal enn Molde, sjølv om det ikkje var slik i 2018.