Høgare utdanning - val av studiestad og fag

10 379 studentar har flytta ut av fylket

Flyttestraumen som oppstår som ein følge av at personar busett i Møre og Romsdal studerer på utdanningsinstitusjonar som ikkje er lokalisert i Møre og Romsdal, er ein av dei sterkaste drivarane for det store innanlandske flytteunderskotet i Møre og Romsdal i aldersgruppa 20 til 29 år. Tabellane i dette delkapittelet viser skolekommune, lærestad, fagfelt og bustadfylke for studentar i høgare utdanning i Noreg og i utlandet per 1. oktober 2018, som var busett i Møre og Romsdal då dei var 16 år. 

1. oktober 2018 var det 14 368 studentar i høgare utdanning i Noreg og i utlandet som var busett i Møre og Romsdal då dei var 16 år. Av desse studerer 3 989 på ein skole som er lokalisert i Volda, Ålesund, Molde eller Kristiansund, som er dei fire kommunane med høgare utdanning i Møre og Romsdal. 10 379 er studentar ved studiestadar som ikkje er lokalisert i Møre og Romsdal. Flest studentar er det i Trondheim (2 967), Oslo (2 459), Volda (1 647), Bergen (1 609), Ålesund (1 253) og Molde (888). 

Deler vi studentane inn etter lærestad, finn vi at NTNU er størst (3 991 studentar), følgd av Høgskulen i Volda (1 647), Høgskolen i Molde (1 089), Handelshøyskolen BI (806) og Universitetet i Bergen (769). 

Flest på helse-, sosial- og idrettsfag 

Helse-, sosial- og idrettsfag er mest populært. 22,0 prosent av studentane har valt fag innanfor dette fagområdet. 19,8 prosent tar lærarutdanning eller utdanning i pedagogikk og 17,8 prosent studerer økonomiske og administrative fag. Primærnæringsfag er nedst med 0,5 prosent. 

10 057 er framleis busett i Møre og Romsdal

Ikkje alle studentane som studerer utanfor fylket, flyttar. Sjølv om det berre er 3 989 av dei 14 368 som studerer i Møre og Romsdal, har 10 057 av studentane framleis bustadadresse i fylket.