Bustadsal

Færre omsetnader, men høgare prisar

Omsetning av bustadar (omsetning av bustadeigedom med heimelsoverføring) i fritt sal auka frå 2017 til 2018, etter å ha gått ned kvart år frå 2014. Auken var svak, og representerer kanskje i større grad ein stillstand. I alt auka talet omsetnader i fylket med 16, tilsvarande 0,4 prosent. På landsbasis auka talet omsetnader med 2,9 prosent. Dei siste tre åra har det vore ein nedgang i talet på omsetnader på 2,8 prosent i Møre og Romsdal og ein auke på 4,3 prosent nasjonalt.

Den samla kjøpesummen for alle omsetnadene auka med 5,4 prosent i Møre og Romsdal, frå 10,7 milliardar kroner i 2017 til 11,2 milliardar i 2018. For landet auka samla kjøpesum med 5,2 prosent, frå 315,7 milliardar kroner til 331,9 milliardar kroner. 

Ingen av kommunane i fylket hadde ein høgare gjennomsnittleg kjøpesum per omsetnad som var høgare enn gjennomsnittet for landet. I gjennomsnitt for landet var pris per omsetnad om lag 3,79 millionar kroner, mens den i Molde var 3,75 millionar kroner. På plassane etter Molde i prisrangeringa kjem Ålesund og nabokommunane Skodje, Sula og Giske. Dei ligg, saman med Ulstein, alle over gjennomsnittet for kommunane i fylket, som var 2,74 millionar kroner. Dei kommunane med lågaste gjennomsnittlege pris per omsetnad er ofte kjenneteikna av at det har vore få omsetnader. I hovudsak bør ein ikkje legge for mykje vekt på kva gjennomsnittsprisane har vore i kommunar kor talet omsetnader er lågt fordi berekningar av gjennomsnitt med få observasjonar er sårbare for ekstremverdiar. 

På landsbasis auka gjennomsnittleg pris per omsetnad med 2,2 prosent, mens i den i Møre og Romsdal auka med 5,0 prosent. Den sterke veksten i gjennomsnittleg pris per omsetnad kjem av at talet omsetnader i kommunar som ligg over fylkesgjennomsnittet auka med 113 omsetnader, mens det var ein nedgang i talet omsetnader i kommunar under fylkesgjennomsnittet på 97 omsetnader.