Folketalsutvikling

Svakare folketalsvekst i Møre og Romsdal

Etter at Rindal kommune gikk til Trøndelag fylke, består Møre og Romsdal av 35 kommunar med eit samla folketal per 01.01.2019 på 265 392 personar. I perioden frå 2009 til 2019 auka folketalet i fylket med 18 706 innbyggarar, og 25 av dei 35 kommunane i fylket hadde vekst i folketalet. Folketalsveksten tilsvara 7,6 prosent og var den 11. høgaste relative veksten av fylka. Når ein måler folketalsveksten i tal innbyggarar, hadde Møre og Romsdal den 10. høgaste veksten.

Det er hovudstadsregionen som har høgast vekst både målt i talet på innbyggarar og i prosent. Oslo og Akershus hadde ein vekst på om lag 100 000 innbyggarar kvar i perioden og ein prosentvis vekst på 18,3 prosent. Rogaland, Hordaland og Trøndelag kjem på plassane bak, men veksten i dei fylka var noko lågare med høvesvis 13,1, 11,7 og 10,7 prosent. Den svakaste folketalsutviklinga hadde Sogn og Fjordane, Finnmark og Oppland.

Store geografiske skilnader i folketalsutviklinga

Drivaren for folketalsveksten i fylket er og har vore innvandringa, men den har ikkje gitt vekst i heile fylket. Den sterkaste folketalsveksten har vore i byane og dei bynære kommunane. Dei indre delane av fylket har opplevd folketalsnedgang eller svak vekst. Berre eit fåtal av kommunane har hatt ein vekst som er på nivå med folketalsveksten for landet.

Nettoinnvandringa, altså tal innvandrarar minus tal utvandrarar, er den viktigaste drivaren for folketalsveksten i Møre og Romsdal. I slutten av perioden er den langt lågare enn i starten. Fødselsoverskotet, altså tal fødde minus tal døde, er nokolunde stabilt gjennom perioden. Den innanlandske nettoflyttinga, altså tal tilflyttarar frå andre stader i Noreg minus tal fråflyttarar til andre stader i Noreg, er den største demografiske utfordringa til fylket. Også den held  seg nokolunde stabil. Personar med innvandrarbakgrunn utgjer ein stor del av det innanlandske flyttetapet. Personar i aldersgruppa 20-29 år utgjer omtrent heile flyttetapet.

Fødselstala i Møre og Romsdal er historisk låge. Men ein skal vere klar over at det er ein trend vi ser i enda sterkare grad andre stader i landet, og også internasjonalt. I kombinasjon med fråflytting av unge vaksne gir det ei svært sårbar folketalsutvikling for Møre og Romsdal.

Fleire menn og færre yngre

Befolkninga i Møre og Romsdal er i eit overordna perspektiv veldig lik det vi ser andre stader i Vest-Europa. Den tradisjonelle befolkningspyramiden, der barnebefolkninga er den største befolkningsgruppa i samfunnet, og der talet på innbyggarar blir stadig lågare til eldre befolkningsgruppa blir, er ikkje gjeldande her (sjå figur side 7).

Talet på småbarn (0-4 år) er lågare enn gruppa som er 5-9, 10-14 og 15-19 år. Det kan bety at det er fødd færre barn no enn tidlegare år, eller at ein får ein flyttegevinst blant barn i alderen 5-19 år. I gruppene 15-19 til 20-24 år fell talet på innbyggarar. Det kjem som eit resultat av eit innanlandsk flyttetap i den aldersgruppa. Konsekvensen er at innbyggartalet er stabilt litt lågare i dei neste aldersgruppene fram til aldersgruppene kring 50 år. Der er talet på innbyggarar høgare, og det speglar dei høge fødselstala i etterkrigstida og fram til 70-talet. Frå då av og til no har fødselstala sakka av.

I dei eldre aldersgruppene er det fleire kvinner enn menn. Frå folkehelseoversikta veit vi at kvinner lever lenger enn menn, noko som kjem tydeleg fram i befolkningspyramiden. I aldersgruppene under 60 år er det langt fleire menn enn kvinner, og det gjer at det er om lag 5 000 fleire menn enn kvinner i fylket. Det er i hovudsak grunna noko høgare innanlands flyttetap blant kvinner, og høgare innvandring av menn.

Driverane til folketalsutviklinga

Det er ei sterk kopling mellom utviklinga i sysselsettinga og i folketalsutviklinga. Kartet viser utviklinga i befolkning og sysselsetting frå 2009 til 2019*, og kommunane er farga etter kva utvikling dei har hatt. 

14 av dei 35 kommunane har hatt vekst både i sysselsettinga og i folketalet. I ytterlegare 11 kommunar har folketalet auka, men ikkje talet på sysselsette. Dei kommunane som veks i folketal, men ikkje i sysselsette, ligg nær andre kommunar med vekst i talet på sysselsette. Dette kan vere eit uttrykk for korleis den regionale arbeidsmarknaden fungerer. Samtidig var det høg innvandring i denne perioden, der motiva til mange har vore knytt til flukt og familie. Dei kommunane som hadde nedgang i både folketal og i talet på sysselsette, ligg alle, med unntak av Sandøy, nær andre kommunar med same utviklingtrekk. Berre ein kommune, Surnadal, har hatt vekst i talet på sysselsette, men ikkje i folketalet i perioden.

Folketalsendringane i kommunane kjem på grunn av kjende demografiske hendingar. Dei kommunane som har fødselsoverskot, har ei befolkningssamansetning med nok personar i såkalla fertil alder til at det blir fleire fødslar enn dødsfall i same periode. Nettoinnflytting betyr at det er fleire som flyttar til kommunen (både frå andre stadar i landet og frå utlandet) enn som flyttar vekk. Kartet viser korleis desse to demografiske utviklingstrekka har fortona seg i kommunane. Ein ser ein tydeleg forskjell mellom dei ytre og sørlege delane av fylket, der det har vore fødselsoverskot og nettoinnflytting i mange kommunar, og nordlege og indre delar av fylket som har fødselsunderskot, men ei positiv nettoinnflytting. Berre fem kommunar har hatt både fødselsunderskot og nettoutflytting.