Valresultat

Auke i delen kvinnelege ordførarar

Resultata frå kommunestyrevalet viser at Senterpartiet vart største parti i elleve kommunar, Arbeidarpartiet vart størst i fem og Høgre vart størst i fire. Framstegspartiet vart størst i tre kommunar, medan Kristeleg Folkeparti, Venstre og Sosialistisk Venstreparti vart største parti i ein kommune kvar.

På Nordmøre var det Senterpartiet og Arbeidarpartiet som vann kommunane. I kommunane i Romsdal varierte det mellom Høgre, Senterpartiet og Sosialistisk Venstreparti om kven som vart størst. På Sunnmøre var variasjonen endå større med seks ulike parti som vart størst: Senterpartiet, Framstegspartiet, Høgre, Arbeidarpartiet, Kristeleg Folkeparti og Venstre. 

Det er berre ein kommune der eitt parti åleine fekk reint fleirtal, i Averøy fekk Arbeidarpartiet 53,1 prosent av stemmene.

Forhandlingane om ordførarane vart spanande i år, sida det vart til dels store endringar i partia si oppslutning. Senterpartiet får elleve ordførarar i kommande periode og Arbeidarpartiet får åtte. Høgre får to, medan Framstegspartiet, Kristeleg Folkeparti, Venstre, Sosialistisk Venstreparti og Folkeliste for Hareid kommune alle får ein ordførar. Ti av ordførarane er kvinner. Dette utgjer 39 prosent, ein klar auke frå 2015 då delen var 25 prosent.

Frammøteprosenten ved kommunestyrevalet i Møre og Romsdal 2019 var på 63,0 prosent, det er heile 4,8 prosentpoeng høgare enn i 2015. Valdeltakinga er framleis litt lågare i Møre og Romsdal enn landsgjennomsnittet som i 2019 er 64,7 prosent. Elleve av kommunane i fylket hadde høgare frammøteprosent ved kommunevalet enn landsgjennomsnittet. Best valdeltaking var det i Aure (71,6 prosent), Smøla (69,8 prosent), Volda (69,3 prosent) og Sunndal (69,0 prosent). Lågast frammøte er det i byane Kristiansund (59,5 prosent) og Ålesund (60,8 prosent).