Arbeidsplassdekning

Stabil arbeidsplassdekning i Møre og Romsdal

Arbeidsplassdekning er talet på arbeidsplassar (sysselsette etter arbeidsstad) i prosent av talet på arbeidstakarar (sysselsette etter bustad) i eit område, for eksempel i ein kommune. Arbeidsplassdekning på meir enn 100 prosent i ein kommune betyr at talet på arbeidstakarar som arbeider i kommunen, er større enn talet på arbeidstakarar som er busette i kommunen.

Det er åtte kommunar i Møre og Romsdal som har 100 prosent dekning eller meir: Molde, Ålesund, Sunndal, Smøla, Ulstein, Stranda, Volda og Surnadal. Molde ligg klart høgast med 124 prosent. Dei fem kommunane med lågast arbeidsplassdekning i Møre og Romsdal er Nesset, Giske, Gjemnes, Sula og Eide, alle med under 70 prosent. Dette er kommunar som er typiske bustadkommunar eller utpendlarkommunar. Koplar vi arbeidsplassdekning saman med pendlarstraumar, får vi eit bilde av kor integrert dei ulike bu- og arbeidsmarknadsregionane i fylket er. Til dømes har Giske og Sula låg arbeidsplassdekning. Desse kommunane ligg nær Ålesund, som har høg arbeidsplassdekning. 

Koplar vi denne kunnskapen saman med pendlarstraumane til kommunane, som går fram av eit eige delkapittel, er det sterke teikn på at Ålesund, Giske og Sula er ein integrert bu- og arbeidsmarknadsregion. 

Arbeidsplassdekninga i Møre og Romsdal var i 2018 på i overkant av 96 prosent. Dette er uendra frå 2017 til 2018. I absolutte tal var det 4 813 færre arbeidsplassar enn arbeidstakarar i fylket i 2018, mot 4 849 i 2017. 

71 prosent av arbeidstakarane i fylket bur og arbeider i eigen kommune. Den delen av arbeidsplassane i kommunen der eigne innbyggarar arbeider, kan vi kalle eigendekning. Mest vanleg er dette i kommunane Tingvoll, Rauma, Midsund, Sandøy, Sykkylven og Vanylven, der over 85 prosent bur og arbeider i same kommune. I alt ligg 14 kommunar over 80 prosent. Ni kommunar har under 70 prosent eigendekning. Der kjem Skodje lågast med 51 prosent.

Dei regionale næringane

Arbeidsplassdekning er talet på arbeidsplassar (sysselsette etter arbeidsstad) i prosent av talet på arbeidstakarar (sysselsette etter bustad). Denne skilnaden kan ein også talfeste i tal sysselsette og i kva næring dei er sysselsett i. Arbeidsplassoverskotet i tal sysselsette er skilnaden mellom tal sysselsette etter arbeidsstad minus talet sysselsette etter bustad.

Dei samla tala synar det same som arbeidsplassdekninga og pendlaroversikta. Det er Molde og Ålesund som har høgast arbeidsplassoverskot, medan det er dei kringliggande kommunane deira som har størst underskot. I denne oversikta ser ein kva næringar som er meir «regionale» enn andre, i den forstand at dei er konsentrert i enkelte kommunar og at verksemdene der hentar kompetanse og arbeidskraft frå den regionale arbeidsmarknaden.

Dei tre næringane kor ein ser effekten tydlegast er helseog sosialtenester, der er det særleg Ålesund som har eit stort arbeidsplassoverskot. Her ser ein at kommunar med sjukehus, med unntak av Kristiansund, har eit høgt overskot og omlandskommunane eit underskot. Dette er særleg tydeleg i Volda, med eit overskot på 413 sysselsette, medan Ørsta har eit underskot på 460 sysselsette.

Eit liknande mønster ser ein for næringane varehandel og reparasjon av motorvogner og i offentleg administrasjon og sosialforsikring. Der har Molde og Ålesund høge arbeidsplassoverskot, medan omlandskommunane har underskot. 

Det er fleire enkeltkommunar som skil seg ut i andre næringar.I industrien ser ein eit tydeleg mønster der ein har ein rekke kommunar med arbeidsplassoverskot. Størst er det i Molde, med Ulstein, Haram, Sunndal og Sykkylven på plassane bak. I bergverksdrift og utvinning har fylket samla eit underskot på 1 340 sysselsette. Berre to kommunar har eit arbeidsplassoverskot, Molde med 289 og Aukra med 41.