Regionale forskningsmidlar & FoU i næringslivet

Fleire bedrifter investerer i FoU

Møre og Romsdal er saman med Trøndelags-fylka ein del av Regionalt Forskingsfond Midt-Norge. Fondet lyser ut forskingsmidlar til næringsliv og kommunar. I 2018 gav fondet støtte til 46 prosjekt med til saman 36,0 millionar kroner. Åtte av desse prosjekta var kvalifiseringsprosjekt og fem hovudprosjekt knytt til verksemder i Møre og Romsdal. Tre prosjekt fekk tildeling frå dei ekstraordinære midlane som Møre og Romsdal har hatt tilgjengeleg for bedrifter innan oljebasert næring med særleg behov for omstilling.

MobPro i FORREGION-programmet erstatta VRI-programmet frå 2017. I Møre og Romsdal vart det gitt støtte til 26 forprosjekt i 2018. Samla støtte var på 5,1 millionar kroner.

Forsking og utviklingsarbeid (FoU) kan styrke bedriftene si evne til å skape nye eller betre produkt og prosessar. FoU kan også styrke evna til å samarbeide med andre bedrifter og forskingsmiljø og finne fram til, forstå og ta i bruk kunnskap som er utvikla i forskingsmiljø eller hjå andre bedrifter. Utvikling i bedriftene si investering i FoU kan difor seie noko om bedriftene i regionen styrker innovasjonsevna gjennom forskings- og utviklingsarbeid.

Frå 2016 til 2017 vart det brukt meir på eigenutført forskings- og utviklingsarbeid i fylket. Kostnadene auka frå 1 161 millionar kroner i 2016 til 1 318 millionar kroner, ein auke på 13,5 prosent. Kostnadane til innkjøpt FoU hadde ein sterk vekst i same periode i fylket, og gjekk frå 141 millionar kroner i 2016 til 257 millionar kroner i 2017, ein auke på 41,3 prosent. 

Talet personar som arbeider med FoU i fylket auka med 9,5 prosent frå 2016 til 2017, mens talet årsverk auka med 16,8 prosent. I 2017 var det 2 281 personar som arbeidde med FoU, og den samla innsatsen utgjorde 1 002 årsverk. Av dei vart 405 årsverk utført av personar med høgare grad.