Reiseliv

Stor auke for hotella i fylket, men aller størst auke i cruisesegmentet

Møre og Romsdal hadde i 2018 totalt 1 549 787 overnattingar på hotell, campingplassar, hyttegrender og vandreheimar, ein auke på 4,5 prosent samanlikna med 2017. Nordmenn er den desidert største og viktigaste kundegruppa med 984 305 gjestedøgn ved kommersielle anlegg i fylket, og dei står for 63,5 prosent av det totale talet på overnattingar i fylket. Den største auken stod likevel utanlandske gjestedøgn for, med ei auke på 43 218 overnattingar til 565 482 overnattingar, ein auke på 8,3 prosent samanlikna med 2017. Auken i norske gjestedøgn var på 2,5 prosent. Dei viktigaste marknadane for Møre og Romsdal har tradisjonelt vore Noreg, Tyskland, Sverige, Nederland og Storbritannia. Positiv utvikling frå USA, Frankrike, Italia og Polen viser at desse landa kan bli vel så viktig for fylket i tillegg til Tyskland som er i ei særstilling.

Den største auken kom i hotellsegmentet der auken frå 2017 til 2018 var på 6,4 prosent. Campingplassar, hyttegrender og vandreheimar hadde i same periode ein auke på 1,2 prosent. Møre og Romsdal har 4,6 prosent av totale overnattingar i Noreg og 18,6 prosent av totale overnattingar i Fjord Norge-regionen i 2018.

I tillegg kjem cruise- og hurtigruteturistane samt privat utleige som mellom anna AirBnB. Cruise- og hurtigruteturistane blir rekna som dagsturistar sidan dei ikkje overnattar i land. Møre og Romsdal er det største cruisefylket på Vestlandet, og 884 828 cruisepassasjerar besøkte fylket i 2018 fordelt på 487 cruiseanløp. Dette er ein auke på 16,5 prosent i talet på anløp og ein auke på 29,4 prosent i talet på dagspassasjerar samanlikna med 2017. Geiranger er den andre mest besøkte hamna i landet, etter Bergen. 

I perioden januar–juni 2019 hadde Møre og Romsdal 664 775 overnattingar ved hotell, campingplassar, hyttegrender og vandreheimar, ein auke på 6,4 prosent samanlikna med same periode i 2018.