Habilitering og rehabilitering

Utfordringar med tilgang på fagkunnskap

Opptrappingsplanen for habilitering og rehabilitering (2017–2019) skal bidra til at kommunane blir sett i stand til å gi eit godt rehabiliteringstilbod til innbyggarane. Kommunane skal over tid overta fleire rehabiliteringsoppgåver frå spesialisthelsetenesta. Planen skal også bidra til å styrke brukarperspektivet og betre kvaliteten på tenestene. For å få til dette er det nødvendig med endringar i arbeidsform og kompetanse.

Tilskot til styrking av habilitering og rehabilitering er eit av tiltaka i opptrappingsplanen. Tilskotet skal stimulere til tenesteutvikling i kommunane for å styrke feltet. Møre og Romsdal har utbetalt om lag 15 mill. kroner til 17 av 35 kommunar i perioden for opptrappingsplanen.

Framleis er det manglar i tenestetilbodet. Nokre kommunar manglar tilgang til fagkunnskap og enkelttenester som skal bistå brukaren. Fleire kommunar har enno ikkje ergoterapikompetanse, og ventetida hos fysioterapeut kan vere lang. Tilbod om kognitiv habilitering/rehabilitering og logopedi er døme på tenester som ofte manglar.

Regjeringa meiner at visse kompetansekrav er så grunnleggande for å kunne yte nødvendige og forsvarlege tenester at dei bør gå direkte fram av lova. Derfor er det foreslått at det i helse- og omsorgstenesteloven blir lovfesta kva profesjonar, som representerer kjernekompetanse, som det er forventa at alle kommunar skal ha knytt til seg.

I forskrift om kvalitet i pleie- og omsorgstenesta er det presisert at tenestene skal dekke grunnleggande behov, blant anna gjennom tilbod om varierte og tilpassa aktivitetar. Det kan vere både fysiske, sosiale og kulturelle aktivitetar. Dette føreset at brukar og fagfolk går saman for å skape ei helse- og omsorgsteneste som er fagleg sterk med brei og tverrfagleg kompetanse, og som lyttar til brukarane sine
eigne mål og ønske.