Digitale plattformer

Bruken av digitale plattformer aukar

Nettsida frammr.no vart lansert i juni 2014 og erstatta nettsida 177mr.no. Nettsida til FRAM er plattforma for alt publikum treng å vite for å reise med kollektivtransport i Møre og Romsdal. På frammr.no kan du finne reiseplanleggar med rutene for bussane, hurtigbåtane og ferjene, og generell informasjon om kollektivtilbodet, Du kan også bruke nettbutikken og sjekke trafikkmeldingar.

Talet på sidevisningar på FRAM aukar for kvart år. I 2015 var talet på sidevisningar meir enn 2,6 millionar, i 2016 nærare 3,8 millionar, i 2017 meir enn 5 millionar og i 2018 hadde talet på visningar kome opp i nærare 6,5 millionar.

Det er også god auke i søk i reiseplanleggaren på frammr.no.Det vart søkt nær 2 millionar gongar i 2015, meir enn 2,7 millionar gongar i 2016, om lag 3,5 millionar i 2017 og i 2018 var det 4 millionar søk.

Frå juli 2017 kunne ein også bruke mobilappen FRAM til å gjere søk i reiseplanleggaren. I FRAM-appen vart det gjort om lag 400 000 reisesøk i 2017 og nærare 2,2 millionar i 2018. Så av dei totalt nærare 6,2 millionar søka som vart gjort i reiseplanleggaren i 2018, vart om lag 35 prosent søkt gjennom FRAM-appen. Den store auken i søk i ruteplanleggaren i 2018 er nok knytt til at det ikkje vart produsert trykte rutehefte for kollektivtilbodet frå 1. mai 2018.

FRAM-appen til mobil vart lasta ned nær 100 000 gongar i 2017 og 2018. Ein kan også sjå ein markant auke i talet på billettar selde gjennom appen. November 2018 hadde det høgaste salet med meir enn 15 000 billettar. Det vart seld i overkant av 135 000 billettar gjennom FRAM-appen i 2018, mot 35 000 siste halvår i 2017.