Sektorvise netto driftsutgifter

Store utgifter til helse- og omsorgssektoren

Tabellen viser netto driftsutgifter i dei ulike kommunale sektorane. Kommunane i Møre og Romsdal ligg likt eller så vidt lågare enn snittet i landet utan Oslo på fleire sektorar, men dette er ikkje tilfelle for helse – og omsorgstenestene. Helse- og omsorgssektoren i Møre og Romsdal var 9 prosent dyrare å drifte enn i landet utan Oslo i 2018. Auken i Møre og Romsdal var lågare enn for landet utan Oslo. Det er positivt at fylket har ein mindre auke, men når nivået er monaleg høgare enn landet utan Oslo, og helse -og omsorgssektoren representerer ca 40 prosent av utgiftene til kommunane, er dette ei både større og dyrare teneste å drifte. 

Skulefritidsordninga (SFO)

Tabellen viser kor stor del av dei kommunale utgiftene til SFO som er dekt av foreldrebetaling. Tabellen viser også at Møre og Romsdal er på same nivå som landet utan Oslo, men at det er store forskjellar mellom kommunane på kor mykje dei dekker av SFO-kostnadane. Ålesund, Molde og Kristiansund ligg alle høgare enn snittet for Møre og Romsdal. Sjå «Utviklinga i kommuneøkonomien» hos Fylkesmannen i
Møre og Romsdal for ytterlegare informasjon.