Likestilling

Brot i negativ trend for deltid?

I desember kvart år publiserer Statistisk sentralbyrå sin likestillingsindeks. Møre og Romsdal er blant dei fylka som kjem lågast på fylkesrangeringa, og i 2018 (tala er frå 2017) skårar vi lågare enn landsgjennomsnittet på 9 av 12 indikatorar. 

Fleire av faktorane som blir målt, viser seg å vere svært stabile over tid. Det gjeld særleg lønnsforskjellar og karriereval på vidaregåande skole. 

Den indikatoren som Møre og Romsdal kjem svakast ut på samanlikna med landsgjennomsnittet, er kjønnsbalansen i offentleg sektor. 74,6 prosent av dei tilsette i offentleg sektor i Møre og Romsdal er kvinner, mens landsgjennomsnittet er 70,1 prosent.

Forskjellen mellom kvinner og menns deltidsarbeid er den indikatoren i likestillingsindeksen med desidert lågast skår, både for landet og Møre og Romsdal. 41,2 prosent av kvinnene arbeidde deltid i Møre og Romsdal i 2017, og utviklinga har vore negativ dei ti siste åra, for i 2008 var andelen 39,4 prosent. Frå 2016 til 2017 er det både for landet og Møre og Romsdal eit brot i denne trenden, og delen kvinner som arbeider deltid, har gått ned med 2,2 prosentpoeng i Møre og Romsdal og 1,4 prosentpoeng nasjonalt. Møre og Romsdal har framleis ein klart høgare del kvinner som arbeider deltid, enn landsgjennomsnittet, som i 2017 var 35,4 prosent.

Det er stor forskjell mellom kommunane i fylket på kor stor del kvinner som arbeider deltid. Lågast er delen i Molde med 32,0 prosent og Stranda med 34,6 prosent. Høgast er delen i kommunane Vanylven med 60,2 prosent og Midsund med 53,3 prosent.

Deltid blant kvinner har frå 2016 til 2017 gått ned i alle kommunane i Møre og Romsdal med unntak av Stordal, Sykkylven og Midsund. Størst prosentvis nedgang var det i kommunane Aukra (-5,5 prosentpoeng) og Vestnes (-4,5 prosentpoeng).