Sysselsetting etter utdanningsnivå

Nest lågast del sysselsette med lang høgare utdanning

Historisk har det vore slik at det har vore langt fleire menn enn kvinner som har hatt lang høgare utdanning, altså høgare utdanning ved universitet eller høgskole som er over 4 år. I år 2000 hadde 897 av kvinnene med arbeidsstad i fylket ei slik utdanning, og 2 482 menn. Det var med andre ord nær tre gonger så mange menn med lang høgare utdanning enn kvinner. Frå år 2000 og fram til 2018 har tala utjamna seg, og om få, truleg berre eitt år, vil det vere fleire kvinner med lang høgare utdanning sysselsett enn menn. I 2018 var det 4 385 menn med lang høgare utdanning sysselsett i Møre og Romsdal. Auken sidan år 2000 er på 76,7 prosent. Til samanlikning var talet kvinner med lang høgare utdanning i 2018 4 299, ein auke på 379,3 prosent sidan år 2000.

Utviklingstrekket er det same når vi ser på dei som har kort høgare utdanning i arbeidsmarknaden. Der har talet kvinner gått frå 11 274 i år 2000 til 20 557 i 2018 – ein auke på 82,3 prosent. Samstundes har talet menn med kort høgare utdanning i fylket gått frå 8 958 i år 2000 til 12 159 i 2018. Auken var «berre» på 35,7 prosent – under halvparten av vekstrata til kvinner i same perioden. 

I sum, når ein ser på sysselsette med både kort og lang høgare utdanning, kjem dei ulike utviklingane tydeleg fram. Tal sysselsette menn med høgare utdanning har auka med 5 106 sysselsette eller 44,6 prosent, mens sysselsette kvinner med høgare utdanning har auka med 12 685 sysselsette eller 104,2 prosent.

Trass den kraftige auken i sysselsette med lang høgare utdanning blant kvinner kjem Møre og Romsdal dårleg ut samanlikna med dei andre fylka. Berre 6,7 prosent av dei sysselsette i Møre og Romsdal har lang høgare utdanning. Det er nest lågast av alle fylka. Berre Oppland har ein lågare del, med 6,6 prosent. Gjennomsnittet for landet er 11,5 prosent, sterk drege opp av Oslo kor 20,6 prosent av dei sysselsette hadde lang høgare utdanning i 2018.