Sysselsetting menn og kvinner

Kjønnsdelt både i fag og næringsstruktur

Næringsstrukturen i Møre og Romsdal vitnar om ein kjønnsdelt arbeidsmarknad. Hovudsakleg er det ei rekke næringar med ein tydeleg mannsdominans, mens det berre er eit fåtal som er dominert av kvinner. Til gjengjeld er dette næringar som utgjer ein stor del av den samla sysselsettinga. Dei mest mannsdominerte næringsgruppene i 2018 var bygge- og anleggsverksemd, jordbruk, skogbruk og fiske, bergverksdrift og utvinning, transport og lagring og elektrisitet, vatn og renovasjon. I alle desse er delen menn over 80 prosent. Til saman var det 26 569 sysselsette i desse næringsgruppene, og 87,7 prosent av dei var menn.

Dei mest kvinnedominerte næringsgruppene i fylket i 2018 var helse- og sosialtenester og undervisning. Det er ikkje like stor dominans av kvinner i desse næringsgruppene samanlikna med dei mest mannsdominerte næringane. I helse- og sosialtenestene er 83,7 prosent kvinner og i undervisning er 69,5 prosent kvinner. Til saman er det 39 152 sysselsette i dei to næringsgruppene, og 31 300 av dei er kvinner. Det er 79,9 av alle dei sysselsette i næringane. Den næringsgruppa som er nærast kjønnsbalanse er varehandel og reparasjon av motorvogner. Der er 51,2 prosent menn og 48,8 prosent kvinner.

Om ein ser på kva fagfelt kvinner og menn i 2018 var sysselsette i, ser ein mykje av dei same mønstra. Av dei med helse-, sosial- og idrettsfag som fagfelt var 84,6 prosent kvinner. I naturvitskapelege fag, handverksfag og teknisk fag var delen menn 87,5 prosent. Utanom dei to fagfelta var kjønnsdominansen noko lågare enn kva dei var når dei sysselsette var fordelt i næringsgruppene. Det skuldast truleg at fagfelta er breiare samansette enn næringsgruppene, og kanskje at kvinner og menn med same fagfelt vel ulike næringar. Allmenne fag var det fagfeltet som var nærast kjønnsbalanse. Der var delen menn 53,6 prosent og delen kvinner 46,4 prosent.