Igangsette og fullførte bustadar

Svak vekst i bustadbygginga

Etterspørselen i bustadmarknaden kjem som eit resultat av endra befolkningsstorleik eller befolkningssamansetning, i tillegg til ulike trendar i konsumet av bustadar. I nokre kommunar er det tilgjengelegheita til areal som dimensjonerer omfanget av bustadbygging, mens andre slit i større grad med den demografiske utviklinga. Frå 2017 til 2018 auka bustadbygginga med 33 fleire igangsette bustadar i fylket, mens bustadbygginga på landsbasis fall med 3 624 bustadar. I alt vart det igangsett bygging av 1 278 bustadar i Møre og Romsdal i 2018, og 31 647 på landsbasis.

For treårsperioden 2016 til 2018 vart det igangsett bygging av 3 726 bustadar i Møre og Romsdal og 103 123 på landsbasis. Dei tre kommunane kor det vart sett i gang bygging av flest bustadar i treårsperioden var Ålesund (787 bustadar), Molde (401 bustadar) og Sula (260 bustadar). Kristiansund skil seg ut med relativ låg bustadbygging (både i tal igangsette og i tal fullførte bustadar) sett i lys av befolkningsstorleiken til kommunen. Der blei det i treårsperioden igangsett bygging av 197 bustadar, kor av 110 vert igangsett det siste året. 

I perioden 2014 til 2018 vart det bygd 6 583 bustadar i fylket og 150 032 samla i landet. I Møre og Romsdal utgjorde einebustadar 40,0 prosent av bustadane som vart bygde, mens andelen einebustadar nasjonalt var 25,5 prosent. Det vert bygd ein langt høgare del blokkbustadar nasjonalt, kor gjennomsnittet blir drege opp av dei store byane, kor blokkleilegheiter utgjorde ein svært høg del av bustadbygginga.

Av dei 6 583 bustadane som vart bygde i perioden 2014– 2018 vart 58,5 prosent bygd på Sunnmøre, 26,7 prosent i Romsdal og 14,8 prosent på Nordmøre. Dette speglar den demografiske utviklinga, der særleg Ålesund og dei kringliggande kommunane utgjer ei stadig større del av den samla befolkningsveksten i fylket.